Fotocredit:

Program 2019-2023

Du kan lese heile programmet her!

Kvifor velje dei grøne?

Miljøpartiet Dei Grøne jobbar for ein politikk som tek store globale utfordringar på alvor. Vi ser at mange av løysingane handler om korleis samfunnet legg til rette for eit godt kvardagsliv for alle. Det er i våre eigne nærmiljø vi må legge til rette for eit reelt grønt skifte i norsk politikk. Derfor er valet i 2019 så viktig. Stemmer du på MDG i dette valet kan du vere sikker på at di stemme blir brukt til å fremje ein heilskapleg og grøn politikk. Og kvar einaste stemme trengst!

Kommune- og fylkespolitikken i Noreg står overfor store endringar det komande året, med samanslåingar og omorganisering. MDG vil syte for at heilskapleg, grøn politikk blir høgt prioritert i denne prosessen.

MDG er opptekne av solide lokalsamfunn med god lokal beredskap. Det betyr tettstader med skolar og barnehagar. Det betyr god helsefagleg kunnskap, eit reelt lokaldemokrati og ein stor grad av eigenprodusert mat og energi.

Vi jobbar for lokalsamfunn med gode kulturelle møteplassar, tryggleik, tilhøyrsle, økologisk berekraft, redusert transportbehov, lokale arbeidsplassar og lokal handel.

MDG tek klimatrusselen på alvor, også i lokalpolitikken. Vi går inn for at fylket innarbeider klimatilpassing i beredskapsplanar, og innfører forpliktande klimarekneskap og mål for reduksjon av klimagassutslepp i budsjettet

 

Oppvekst og utdanning

Kultur og mangfald

Helse og omsorg

Samferdsel

Næringsliv

Turisme

Landbruk

Hav og fjordbruk

Energi

Miljø og naturmangfald

By-og tettstadsutvikling