Samferdsel

MDG Møre og Romsdal vil arbeide for tette og sterke lokalsamfunn med mindre behov for motorisert transport. MDG vil jobbe for at bymiljøpakkane for Kristiansund, Molde og Ålesund reduserer behovet for bilkjøring, og legg til rette for fotgjengarar, syklistar og kollektivreisande. MDG vil jobbe for ein miljø- og klimavennleg kollektivtransport, for eksempel gjennom attraktive og behovstilpassa rutetilbod, lågutsleppsteknologi og elektriske bussar. ​MDG vil effektivisere bybusstilbudot i Ålesund, Molde og Kristiansund ved å fjerne billetteringa frå
bussen. Brukarstyrt, appbasert billettering fungerer godt i fleire andre norske byar, og fører til kortare stopptid og soleis eit raskare kollektivtilbod. Vi ynskjer å legge til rette for meir fleksible kollektivtilbod i distrikta, der for eksempel drosjer kan tingast til kollektivsatsar der det ikkje er drivverdig med eit ordinært busstilbod.

Jernbane lenger inn i fylket er avgjerande for ein berekraftig og effektiv godstransport ut av fylket. Flyplassane i fylket bør ikke utviklast for auke i trafikken. Flytilbodet er godt nok som det er.

MDG går inn for E39-tiltak som får gjennomgangstrafikk utanom byar og tettstader. Det kan gi positiv effekt for lokalsamfunn. Framleis må delar av vegnettet bli utbetrast før vi får trygg transport i heile fylket. MDG er mot nye fjordkryssingar så sant ikkje ein grundig miljørekneskap viser at det er billegere og mer miljøvennleg enn ferjedrift. Fjordkryssinger må leggast til rette for syklande og fotgjengarar. Elektrisk ferjedrift bør erstatte dieseldrivne ferjer alle stader der infrastruktur og trafikkgrunnlag ligg til rette for det.

Miljøpartiet Dei Grønne i Møre og Romsdal vil:

● gå mot store nye vegprosjekt som ikkje gir klimagevinst

● prioritere vedlikehald av vegar, havner og kaianlegg

● gå inn for bussar med låge utslepp. Biogass eller elektriske bussar der det er  føremålstenleg

● føre vidare og evaluere ordningen “Heim for ein 50-lapp” (Fram flex)

● fryse ungdomskortet “Fram ung” på kroner 400,-

● gi fulltidsstudentar høve til å nytte Fram ung

● arbeide for bymiljøpakkar der berekraft, helse og miljø står i fokus

● redusere vegsalting for å bevare køyretøy, asfalt og planteliv langs vegane

● få godstrafikken tilbake på Raumabanen

● støtte opp om Stad skipstunnel og utvikle havner og godsterminalar i området

● ha tydeleg ruteinformasjon i sanntid på alle terminalar og stopp i byar og tettstader

● legge til rette for rullestolbrukarar i kollektivtilbodet

● jobbe for nattog mellom Romsdal og Oslo

● gratis ferje for syklistar
● arbeide for jernbane til Ålesund

● knyte saman fylket med sykkelvegar