Kultur og Mangfald

MDG ynskjer eit mangfaldig kulturliv i Møre og Romsdal, med sentrale kulturinstitusjonar som sikrar både kulturarv og utvikling av nyskapande kunst. Det må leggast til rette for eit rikt frivillig organisasjonsliv.

Møre og Romsdal er eit fylke med eit rikt kulturliv og sterkt etablerte festivalar og kulturinstitusjonar. MDG vil jobbe for å framleis sikre stabil finansiering og vidareutvikling av kulturlivet.

Det må leggast betre til rette for dei som ikkje er aktive innanfor organisert idrett eller kulturarbeid, som til dømes uavhengige musikkmiljø, skatarar, andre ekstremsportutøvarar og e-sportsutøvarar. Menneske med funksjonshemming må få høve til å delta som både publikum og utøvarar på lik linje som alle andre. Ein må sikre eldre god tilngang til kulturtilbod. Ordninga med den kulturelle spaserstokken må videreførast slik at gode kunst- og kulturprosjekt for eldre kan bli utvikla med et mangfald av sjangrar og uttrykk. Idrett- og kulturarenaer må brukast aktivt for inkludering av flyktningar og innvandrarar.

MDG vil støtte kunst- og kultursenter som tilbyr rom for atelier, skrivestover, musikkverkstader, utstillingar, temasamlingar, konsertar, foredrag og andre arrangement som stimulerer kunst- og kulturmiljøet.   Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal vil:
● at fylkeskommunen i periodar kan tilby arbeidslokale til forfatterar, biletkunstnarar og  artistar i prosjektfaser

● at gatekunstnarar skal få tilbod om bruk av høvelege areal i offentlege område

● ha stabile ordningar for museum og andre kulturinstitusjonar i fylket

● at biblioteka styrkast som arenaer for lokal samfunnsdebatt

● støtte etablering av stiftingar for kunst- og kultursenter

● vidareføre og styrke Bokbåten gjennom faste overføringar

● bevare spor etter samisk naturbruk og kultur på Nordmøre

● styrke kulturaktivitetar som fremjar mangfald

● støtte festivalar og arrangement som arbeidar for LHBT-rettar og skeiv kultur

● at viktige nasjonale og regionale kulturminne sikrast for framtida

● sikre og videreutvikle tilbodet innanfor Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle  spaserstokken