matproduksjon, må tiltak utviklast og iverksetjast på alle nivå.
Auke i skipstrafikk utanfor kysten krev en betring av akuttberedskapen. For å førebygge forureining og redusere skade ved ulykker vil MDG auke beredskapen mot akutt forureining og modernisere oljevernberedskapen for å skape ein samla kystberedskap. MDG vil verne fleire verdifulle naturområde i fylket som heilskap. Mørebankane er eit svært viktig gyteområde. Området må vernast på lik linje med Lofoten, Vesterålen og Senja.
Det må forskast meir på konsekvensane av taretråling. Livsmangfaldet i tareskogen er grunnleggande for livet i havet. MDG vil verne fleire soner og ha lengre intervall mellom innhausting- og fredingsperiodar.
I arealplanprosessar bør rammene i gjeldande klimaplaner legge grunnleggande føringar heilt frå planoppstart til endeleg vedtak.
Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal vil:
● skjerme Mørebankane for petroleumsaktivitet og faste installasjonar
● gå mot giftdeponi på Rausand i Nye Molde kommune
● vurdere nye verneområde og nasjonalparkar og stimulere til bevaring av kyst- og fjordlandskapet
● at Møre og Romsdal skal bli eit miljøfylke med inspirasjon frå Tingvoll økokommune
● arbeide for at staten i større grad bidreg til opprydding av alvorleg og helseskadeleg forureining i fjordar og langs kysten, spesielt i hamneområde
● ha fleire tiltak som kan bevare tareskogen og korallområder i fjordane og havet utanfor
● styrke Skjærgårdstenesta økonomisk og utvide kapasiteten til å dekke større delar av fylket
● at strandrydding blir innført som eit fast årleg prosjekt i alle kommuner i Møre og Romsdal
● støtte forskning på kystfuglbestanden og ressurssituasjonen for tobis, raudåte og sildeyngel
● legge større vekt på å unngå tap av biologisk mangfald, og minimere transportbehov og utslepp ved utbygging av infrastruktur og andre større anlegg
● innføre streng regional regulering av vannscooterbruk
● betre det digitaliserte oversynet over naturtypar
● at all arealforvaltning skal vere heilskapleg og kunnskapsbasert, og gjerast på bakgrunn av naturmangfoldlova og føre-var prinsippet
● at kommunane brukar arealplanlegging til å sikre folk, bygningar og infrastruktur frå dei negative konsekvensane av klimaendringane
● at kommunane i Møre og Romsdal legg opp til planprosessar som gir høve for alle til å delta og påverke
● gå mot forsøk med fritidskøyring i snøskuterløyper
● arbeide for å vidareutvikle økologisk forsking på Tingvoll og Runde Miljøsenter
● stoppe utplanting av framande treslag. Stimulere til planting av mange ulike treslag som økologisk passar inn i naturområdet ved nyplanting etter hogst
● følge opp Vassdirektivet og planane for betre vassmiljø i alle vassregionane i fylket
● betre miljøstasjonar, retur- og gjenbruksordningar. Skille matavfall frå restavfall i heile fylket
● at fylkeskommunen kuttar all bruk av eingangsplast
● unngå bruk av syntetiske plantegifter både i land- og sjøbruk, i stell av offentleg eigedom og langs offentlege vegar
● sikre vern av viktige myrområde
● tilpasse kantslått langs fylkesvegar for å betre levevilkår for insekt