Næringsliv

For Dei Grøne er mangfald et viktig omgrep i alle samanhengar. Både med tanke på klimaet, men også for Noreg si konkurransekraft og velferd på sikt, er det god grunn til å bekymre seg over vår sterke binding til oljeverksemd. Næringslivet i Møre og Romsdal er spesielt tett knytt til olje og gass, og difor er ei grøn omstilling ekstra viktig i vår del av landet.

Utvikling av nye industriar og nye lokale bedrifter vil gi Møre og Romsdal fleire bein å stå på. Difor vil vi satse på gründerverksemd og legge til rette for omstilling og utvikling av eit grønt næringsliv. Til dette trengs kunnskapsutvikling, gode offentlege støtteordningar og eit grønt regelverk. Vidareutdanning og rekruttering av høgt kompetent arbeidskraft er ei sentral utfordring for verdiskapinga i regionen. Det er viktig at fylket sine forskings- og utdanningsinstitusjonar styrkast, og er pådrivarar for nytenking, samarbeid og samfunnsutvikling.

Underskotet av kvinner i Møre og Romsdal er ei utfordring. Ein må jobbe målretta for å skape eit næringsliv som opplevast attraktivt også for kvinner.

Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal vil:

● arbeide for fleire grøne arbeidsplassar i fylket

● at regionale utviklingsorgan som for eksempel hoppid.no, i langt større grad må legge  vekt på berekraft

● legge til rette for eit tett samarbeid mellom næringsliv og forskings- og  utdanningsinstitusjonane, særlig i samband med miljøtiltak og teknologiske løysingar i  næringslivet

● sikre eit inkluderande og mangfaldig arbeidsliv som er attraktivt, også for kvinner
● skape fleire lærlingplassar i fylkeskommunen, i kommunane og i næringslivet

● 6-timers arbeidsdag

● legge til rette for at private bedrifter tilset folk med funksjonshemmingar, og tilpasse  fleire jobbar for desse i det offentlige

● arbeide for at statlege arbeidsplassar etablerasti alle delar av fylket

● at fylkeskommunen ber Kommunal Landspensjonskasse (KLP) kutte investeringar i fossil  energi

● bruke fylkeskommunen sin eigarskap i Innovasjon Norge til grøn omstilling og  klimavennlege løysingar

● at fylkeskommunen melder seg inn i Initiativ for etisk handel

● at fylkeskommunen stiller krav til fossilfrie anleggsplassar