By- og tettstadsutvikling

21. mars 2019

Arealplanlegging er ei veldig viktig reiskap i samfunnsutviklinga, fordi det har innverknad på livskvaliteten gjennom transportbehov, matproduksjon og tilgang til naturen. Frå eit klimaperspektiv er det viktig at vi utnyttar plassen godt ved å bygge tett. Dette gir minst mogleg
inngrep i naturen, og sikrar viktige areal for matproduksjon.

Høg utnytting i tettbygde strøk og byar skaper attraktive lokalsamfunn. Det fører til at fleire bur i nærleiken av butikk, offentleg kommunikasjon og naturen. Det er dette som tradisjonelt sett er tanken bak europeisk by- og tettstadsplanlegging. På denne måten sikrar ein eit større kundegrunnlag for lokalbutikken, det gjer at fleire bur nærare arbeidsplassen, og det gir eit større nedslagsfelt for kollektivtransporten. I kompakte lokalsamfunn er det kort veg til alt. Det reduserer press på vegnettet. Det er viktig at arealplanlegging og transport sjaåst i samanheng, slik at vi ikkje skapar eit større klimaproblem, men bygger mangfald og liv i sentrumsområda.

Byutviklinga i Kristiansund, Molde og Ålesund må bli meir kompakt og mindre bilbasert. Vi legg vekt på medviten arealutforming som grunnlag for å skape grøn samferdsel. Det er naudsynt med utbygging av bu- og arbeidsmiljø som er tilgjengelege for fotgjengarar, syklistar og kollektivbrukarar, samt høg tettleik i område som er eigna for kollektivtransport. Ein bør omdisponere areal frå biltrafikk til fotgjengarar, syklistar og kollektivtrafikk. Sundbåten i Kristiansund er eit døme på kollektivtrafikk som kan innførast i Ålesund.

Bumiljø må legge til rette for møtestader som løkker og grøntområde med benkar og kunstinstalasjonar, utandørs treningsapparat og uorganiserte aktivitetar som parkour og skating. Tettstadsutvikling må utformast universelt med omsyn til mobilitet for menneske med funksjonshindringar.

Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal vil:

● at byar og tettstader legg til rette for fleire bustader i sentrum før ein bygger ut nye  bustadområde i utkanten, nær kollektivknutepunkt

● ha høgare krav til utnytting av sentrumsareal i byane

● ha mindre overflateparkering i bysentrum slik at ledig areal kan utviklast til attraktive  opphaldsrom

● at by- og tettstadsutvikling skal planleggast for redusert behov for privatbil etter  miljøgatemodellen. Det skapar trivelegare nærmiljø, og gir høve for fleire  rekreasjonsområde eller fortetting
● stimulere til kolonihagar, parsellhagar, takhagar og andelslandbruk nær byane

● skape attraktive, kompakte og tilgjengelige nærmiljø med næringsliv, arbeidsplassar,  skule og andre offentlege tenester

● legge innfartsparkeringar for bil og sykkel i umiddelbar nærleik til kollektivtrafikk

● at kontorarbeidsplassar må lokaliserast nær kollektivtransport og der folk bur

● at bysentrum og tettstader først og fremst utformast på dei mjuke trafikantane sine  premiss, med god tilrettelegging for menneske med nedsatt funksjonsevne

● syte for betre samarbeid mellom kommuner og fylket i arealplanlegginga, for å sikre eit  heilskapleg utbyggingsmønster som minimerer transportbehov

● at gang- og sykkelvegar til skular skal prioriterast, slik at barn og unge får sikre  skoleveger. Foreldre skal ikkje føle seg tvinga til å køyre barna til skulen

● etablere hjartesoner rundt alle skular i fylket  ● arbeide for at fylkesmannen sitt mynde styrkast i miljøvern-, jordvern- og arealsaker

● at alle skal ha tilgang til parkar eller naturområde i nærmiljøet

● at gangfelt som hovudregel skal vere opphøgde og belyste

● ha maksimalt 40 km fartsgrense i det meste av dagens 50-soner i tettstader og byar