Landbruk

Møre og Romsdal har mykje viktig landbruksareal. Eit aktivt landbruk er med på å skape levande bygder og allsidig sysselsetting. Vi ser at klimaendringane i aukande grad verkar inn på
avlingane. Sommaren 2018 gav eit tydeleg bilete på utfordringane landbruket i Noreg står overfor. Vi vil bidra til at matproduksjonen styrkast og stør opp under biologisk mangfald, matsikkerheit og miljø. Difor vil MDG bevare all matjord i Møre og Romsdal. Økologisk landbruk har ein viktig spydspissfunksjon for å utvikle heile landbruket i berekraftig retning.​ Dei viktige kompetansemiljøa i NIBIO og NORSØK på Tingvoll må førast vidare og styrkast. MDG vil utvikle utdanningstilbod knytt til fagmiljøet der. Små- og storfenæringa er viktige for å utnytte naturressursane og pleie landskapet.

MDG vil ha betre​ tilskotsordningar for små og mellomstore bruk​ slik at dei kan drive uavhengig av konjunktursvingingar og greie seg økonomisk trass utfordringar knytt klimaendringar. God dyrevelferd må prioriterast over effektiv matproduksjon i landbruket. Det er viktig med allsidige førebyggande tiltak mot rovdyrskader og andre årsaker til at sau dør eller skadast, slik at sauehald kan drivast med god dyrevelferd utan store økonomiske tap for sauebøndene.

Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal vil:

● føre vidare dagens areal med matjord

● restaurere og få i drift drivverdig matjord som står i fare for å gå tapt

● stimulere til fleire arbeidsplasser og auka mangfaldig produksjon innanfor berekraftig  og​ økologisk landbruk

● fremje Bondens Marked for direkte omsetnad av kortreist mat frå bonde til forbrukar

● førebyggande tiltak mot rovdyr i område med sauehald

● at pelsdyroppdrettarar må få tilstrekkeleg omstillingsstøtte ved avviklinga

● jobbe for å kunne tilby mobile slakteri for gardar med lang avstand til slakteri, og høve  for slakting på eigen gard

● forsvare intensjonane i konsesjonslova og buplikta for landbrukseigedommar

● ha gode støtteordningar for bruk av utmarksbeite

● stimulere til å auke produksjon av frukt, korn og grønnsaker i fylket

● opprette støtteordningar for videregående skular som ynskjer å starte  programfagområde for økologisk landbruk

● at fylket skal opprette ei stilling som rådgjevar innanfor landbruk med fokus på  berekraftige agronomiske prinsip