Hav og fjordbruk

Møre og Romsdal er det største sjømatfylket i landet. Eit aktivt hav- og fjordbruk er med på å skape levande bygder og allsidig sysselsetting. Vi meiner at oppdrettsnæringa fører med seg openbare problem slik den drivast i dag. Avfallshandtering, rømming, fiskehelse og berekraftig bruk av vassressursar er område som det må arbeidast med før vi kan støtte ei auke i volumet.

I Norsk industri sitt vegkart for havbruksnæringa heiter det at oppdrett av laks må skje med ein teknologi som eliminerer problema med lakselus, hindra rømming og tek vare på verdien av partikulært materiale innan 2030. MDG stiller seg bak denne nullvisjonen og ynskjer at Møre og Romsdal innfrir innan 2025.

Fordi utfordringane innanfor oppdrettsnæringa er omfattande, bør fylket setje inn ressursar på forsking som kan bidra til ei meir berekraftig næring. Både i forproduksjon, avfallshandtering og modernisering av produksjonsanlegg kan det – med rette insentiva – drivast grøn næringsutvikling og skapast nye arbeidsplassar.

Eit mangfaldig, spreitt og lokalt eigarskap vil vere det beste for fiskerinæringa, marknaden og samfunnet. Norsk fiskerinæring blir stadig viktigare for Noreg med sine rundt 27.000 sysselsette og ei verdiskaping pr. tilsett som er langt over gjennomsnittet for Fastlands-Noreg. Dette må vi ta vare på, og eit av verkemidla er lokal og fiskerinær eigarskap.
I kystfisket må vi ha rekrutteringskvoter som delast ut til unge i ei etableringsfase, som igjen gir kvotene vidare til neste unge fiskar.

Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal vil:

● arbeide for ei meir berekraftig og etisk forsvarlig oppdrettsnæring
● premiere aktørar som satsar på lukka teknologi på land og i sjø

● etablere eit system med ressursrente som gir insentiv til lukka teknologi for både  oppdrettar og vertskommune

● at Møre og Romsdal vedtek ein nulltoleranse for rømming, lus og utslepp i  oppdrettsnæringa innan 2025

● tidsavgrensing av konsesjonar i oppdrettsnæringa

● styrke kystfiskeflåten og hindre at kvotekjøp gjer at fiskeressursane blir ein industri som  endar opp hos utanlandske investorar

● arbeide for å få fleire til å drive økologisk sjøbruk

● styrke fylkeskommunalt arbeid med å overhalde lovgivinga for oppdrettsnæringa

● styrke NVE sitt forvaltingsansvar for våre vassressursar

● at ein bestemt del av midlane fra Havbruksfondet blir øyremerka forsking for ei mer  berekraftig næring

● redusere døyingsprosenteni oppdrettsanlegg til maksimalt 10%

● sikre støtte til etablering av pilotanlegg for tareproduksjon