Helse og Omsorg

Føretaka Helse Møre og Romsdal og Helse Midt må avviklast. Kvart sjukehus må ha ei sjølvstendig fagleg og økonomisk leiing, og statlege overføringar treng ikkje å gå gjennom ein administrasjon i Trøndelag. Stykkprisfinansiering av diagnoser skal ikkje styre pengestraumen, men finansiering av sjukehus skal ta omsyn til befolkningsgrunnlag og geografi.

MDG vil arbeide for gode fagmiljø ved alle sjukehus, legesenter og rehabiliteringssenter i fylket. Pasientane ved lokalsjukehus er mer nøgde med behandlinga, og fagleg rekruttering er ikkje vanskelegare ved små enn ved store sjukehus. Beredskapsmessig er det viktig å ha mange sjukehus å fordele pasientar på.

Transport av pasientar og pårørande er svært ressurskrevande og vanskeleg i vårt oppdelte fylke. Å avgrense transportbehovet er særleg viktig for fødande. Ein må sikre god oppfølging for alle fødande i heile fylket. Då er det ein føresetnad at eksisterande fødeavdelingar blir ført vidare.

Møre og Romsdal må gå i front og innleie eit samarbeid med arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjoner for å finne løysingar som sikrar betre vilkår for dei tilsette med låg løn i omsorgssektoren, og betre høve til å slå saman stillingsbrøkar.

Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal vil:

● legge ned helseføretaka og overføre ansvaret for sjukehusa tilbake til fylkeskommunen

● la fagmiljøa ta tilbake kontrollen over sjukehusa ved å innføre stadleg leiing

● føre vidare heildøgns akuttkirurgi ved alle sjukehus, også i helgene

● føre vidare ei god ambulanse- og transportteneste for pasientar i alle delar av fylket

● halde på Muritunet, Aure rehabiliteringssenter og Mork rehabiliteringssenter i  rehabiliteringsarbeidet

● styrke helsestasjonane og jobbe for at alle kommuner har tilbod om helsestasjon for  ungdom i aldersgruppa 13 til 20 år

● styrke helse-, pleie- og omsorgssektoren med fleire stillingar

● satse på førebyggande helsearbeid for alle aldersgrupper

● stoppe nedbygginga av sengeplassar innan psykisk helsevern

● ha miljøvennlege og lokale løysingar for varer og tenester til sjukehusa

● betre avfallssortering på helseinstitusjonar

● sikre sunn, god og variert mat ved sjukehusa og rehabiliteringsinstitusjonane i fylket

● at tannhelsetenesta skal vere gratis til fylte 25 år. Deretter bør utgiftene inkluderast i  eigenandelsordninga i folketrygda

● arbeide for at helse- og omsorgsinstitusjonar har tilknyting til grøntareal for rekreasjon  og rehabilitering