Oppvekst og utdanning

Den viktigaste oppgåve til skulen er å sikre at barn og unge utviklar seg til kunnskapsrike, skapande menneske med sjølvtillit og sjølvinnsikt, og med forståing og vilje til å ta ansvar for seg sjølv og sine omgjevnader.

God psykisk helse er avgjerende for at fleire skal fullføre videregående utdanning. MDG vil auke ressursane slik at hjelp til å takle psykiske utfordringar eller psykisk sjukdom er lett tilgjengeleg for alle barn og unge. Det viktigaste er førebyggande tiltak. Vi vil ha fleire yrkesgrupper inn i skulen, som for eksempel miljøarbeidarar, ungdomsarbeidarar og helsearbeidarar. Dette vil også gi meir tid til lærarane, slik at dei kan fokusere meir på undervisinga.

Vidaregående skular i Møre og Romsdal bør få meir ressursar til oppdaterte lærebøker og andre læringsressursar. Dei vidaregående skulane er svært viktige for utviklinga av fornybarsamfunnet. Vi vil opprette eigne programfagsområde for berekraftig utvikling.

Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal vil:

● oppretthalde ein desentralisert skulestruktur for dei vidaregåande skulane

● endre mobiltelefonordninga for tilsette i dei vidaregåande skulane, med mål om å  redusere den samla ressursbruken

● ha fleire faggrupper tilstades i dei vidaregåande skulane for å fremje eit godt  psykososialt læringsmiljø

● legge til rette for for fleire lærlingplassar i fylket, kommunane og i næringslivet

● prioritere yrkesfaglege linjer på videregåande skular

● opprette ei studiespesialiserande linje med særskilt fokus på berekraftig utvikling på ein  av dei vidaregåande skulane i fylket

● syte for at alle vidaregåande skular blir miljøsertifisert

● at psykisk helsehjelp skal vere ein lett tilgjengeleg del av skulehelsetenesta

● styrke skulen som ein arena for sosial samhandling der menneske møtast ansikt til ansikt

● jobbe for at elevar i dei vidaregåande skulane skal få eit medvite forhold til eigen mobil-  og skjermbruk
● styrke det nynorske skriftspråket i skulen

● fremje praktisk-estetiske læreprosessar

● støtte utviklinga av Campus Kristiansund

● hjelpe kommunane til å sikre tilfredsstillande fasilitetar for symkjeopplæringa i  grunnskulen