Energi

MDG Møre og Romsdal meiner at fylkeskommunen i mykje større grad må satse på å utvikle og stimulere til energisparing og bruk av nye, berekraftige energiformer. Dei fleste kommunane i Møre og Romsdal har ved hjelp av statlege midlar fått utarbeida kommunale klimaplanar, men erfaringa viser at kommunane treng fagleg ekspertise for å utvikle og gjennomføre klimaplanane. Dette må fylket støtte opp under.

Ny energiproduksjon må vere fornybar og ​utviklast med mest mogleg omsyn til berekraft og naturmangfald​. Møre og Romsdal MDG seier nei til vindturbinanlegg som kjem i sterk konflikt med naturverdiar. Etablering av nye vindturbinanlegg må skje i tett samarbeid med kommunane og andre lokale interesser.

MDG Møre og Romsdal ser stort potensiale for havvindanlegg. Småskala energiproduksjon har i Møre og Romsdal handla om vasskraft. MDG vil av naturvernomsyn i større grad satse på småskala sol- og vindenergi.

Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal vil:

● etablere ein forpliktende og ambisiøs klimaplan – med rekneskap og budsjett – for  Møre og Romsdal. Den skal ha mål om å kutte utslepp med 80 prosent frå dagens nivå  innan år 2030

● satse på forsking og utvikling av nye energikjelder i fylket i samarbeid med lokale  forskingsressursar og institusjonar

● ha streng handheving av føre-var-prinsippet ved småkraftutbygging. Ein må ta omsyn til  både naturmangfald, landskap, kulturminner og friluftsliv

● arbeide for at Møre og Romsdal blir et føregangsfylke i satsinga på ENØK, fornybar  energi og klimaplanar i næringslivet

● innføre landstrøm ved hamner i Molde, Ålesund, Geiranger og andre større hamner

● stimulere til storsatsing på energiøkonomisering i offentlege og private bygg og anlegg

● etablere eit fylkeskommunalt forum for å vidareutvikle og styrke kommunal energi- og  klimaplanlegging for reduksjon av klimagassutslepp

● legge til rette for solenergiproduksjon frå private bustader, fritidsbustader, bedriftsbygg  og offentlege bygg gjennom ei fylkeskommunal støtteordning

● bidra til utviklinga av, og infrastrukturen knytt til fornybarteknologi i skipstrafikken

● at fylket legg til rette for realisering av havvindprosjekt og teknologi til syntetisk  gassproduksjon