Sunndal MDG
Dette er Sunndal MDG!
Dette er Sunndal MDG!
● solidaritet med andre menneske
● solidaritet med framtidige generasjonar
● solidaritet med dyr og natur
Sunndal MDG vil skape eit samfunn kor vi har gode liv utan av vi øydelegg for andre. Vi erkjenner at vi ikkje har komplette løysingar på alle utfordringane vi står overfor. Vi har difor ei audmjuk og lyttande haldning i møte med menneske, kunnskap og samfunn, slik at politikken vår stadig kan bli utvikla i møte med ny innsikt og forståing.
Demokratiet er under press i verda. Sunndal blir også påverka av internasjonale impulsar som utfordrar den demokratiske forståinga. Tillit til det politiske systemer synk og færre engasjerer seg.
Sunndal kommune har eit sterkt fundament å støtte seg til med ein god økonomi, høg kompetanse blant kommunalt tilsette, eit innovativt næringsliv som investerer mykje, og låg arbeidsløyse. Det er all grunn til å vere optimist for og i Sunndal. Samstundes må vi ta tak i sentrale utfordringar – mellom anna knytt til demografi og internasjonale megatrendar som også påverkar lokalt.
Heile programmet vårt finn du her.
Og facebooksida vår finn du her.