Resolusjoner og uttalelser

Resolusjoner, uttalelser og andre dokumenter.

14. april 2016

Møre og Romsdal MDG sin høringsuttale til stortingsprogrammet 2017
Sendt 31. oktober 2016.

 


Resolusjoner vedtatt på MDG Møre og Romsdals årsmøter.

 

Frå fylkesårsmøte i 2016:

 

Lågare NOX-utslepp frå maritim næring med landstraum og kvotesystem.

Ureining av luft frå skip som ligg til kai har vorte eit stort problem for byane våre. Med landstraum, framfor dieseldrive kraftverk om bord, vert utsleppa av mellom anna NOX kraftig reduserte.

I 2011 vart Noregs første landstraumanlegg på Hjortneskaia i Oslo bygd. Color Magic var første skip ut. Og året etter fekk Color Fantasy landstraum. Desse skipa reduserte NOX-utsleppa med 50 tonn årleg. I tillegg minkar CO2-utsleppa med 3000 tonn, og SOX og partiklar med 0,75 tonn. Det svarar til utslepp frå 1700 personbilar. Prosjektet i Oslo og fleire slike prosjekt i Bergen har vist at løysinga fungerer for å dramatisk redusere utslepp og ureining.

Det er no planlagt landstraumanlegg for Hurtigruta i Bergen, Trondheim og Tromsø.
Dette er bra men ikkje godt nok. Det ligg fiskebåtar, fabrikkskip og supplybåtar i hamnene i alle bykommunane i fylket vårt, og i mange andre fylker, og spyr ut miljøgifter i lange perioder.

Når det gjeld store turistskip, er det store utfordringar både kostnads- og miljømessig knytt til eit krav om landstraum. Det  vert difor ikkje krav om landstraum for denne næringa enno. I verdsarvområda må eit kvotebasert system på plass snarast, der ein tek imot daglege maksimale kvoter, som i Glacier Bay i Alaska.

Det er viktig at ein ser på heile det maritime utsleppet under eitt og ikkje berre let det vere frivillig om ein tek investeringa eller ikkje. Infrastrukturen for landstraum må sjåast på som ein del av løysinga for å betre folkehelsa og miljøet. For å sikre effektiv utnytting og felles standard av landstraumteknologi, må det fremjast i IMO (International Maritime Organisation).

Miljøpartiet Dei Grøne Møre og Romsdal foreslår at det vert stilt klare krav til landstraum for alle farty og at dette skal løysast av havnemynde og reiarlag i fellesskap under prinsippet om at ureinar skal betale.


Fråsegn 2:

 

Det er ikkje Noreg som opplever ei flyktningekrise

MDG i Møre og Romsdal meiner at regjeringa snur flyktningesituasjonen på hovudet. Det er ikkje Noreg som opplever ei flyktningekrise, men dei som faktisk er på flukt. Dei som kjem til landet vårt, er berre små prosentdelar av alle dei som flyktar frå krig og forfølging. Noreg må følgje internasjonale reglar og behandle søknadene om opphaldsløyve til folk som kjem frå konfliktområde. Dei som ikkje har noko behov for vern og opphald, kan ikkje rekne med å få bli i landet, og dei som kan bli her, må førast inn i samfunnet så kjapt og greitt som råd.

MDG i Møre og Romsdal vil peike på at bygdebyar og småbyar i eit fylke som vårt har gode erfaringar med å ta imot flyktningar og asylsøkjarar, og har lukkast med å få opp til 80% av flyktningane i arbeid eller ordinær utdanning. Norskopplæring, aktivisering gjennom lokalt organisasjonsarbeid og småjobbprosjekt er nødvendige tiltak for å gjere overgangen frå eit liv i konflikt til samfunnet vårt lettare. Midlertidige mottak bør vere midlertidige, og busetjinga i kommunane skje raskt. Her vil vi peike på moglegheita for å leige ut sokkelleilegheiter og hyblar, med stat eller kommune som både leigetakar og forsikringstakar.

MDG Møre og Romsdal vil at kommunane i fylket skal fortsette det gode integreringsarbeidet og busetje endå fleire flyktningar. For å få til dette må staten auke overføringane.

MDG Møre og Romsdal vil at flyktningar under 25 år skal ha rett til å fullføre vidaregåande skule sjølv om dei er einslege mindreårige eller har midlertidig opphaldsløyve.


Fråsegn 3:

 

MDG støttar næringslivet

Det som blir kalla krisa i norsk olje- og gassnæring viser behovet for arbeidsplassar i berekraftige næringar. Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal meiner at fylket vårt no må ta eit krafttak for å få oppretta nye arbeidsplassar til erstatning for dei som går tapt. Vi har gode føresetnader for å få til dette.

Nesten ingen nye oljefelt er lønnsame med dagens oljepris. Noreg brukte i 2015 om lag 20 milliardar kroner på skattelette til oljeindustrien. Denne subsidieringa av oljenæringa meiner MDG gradvis bør falle vekk, og midlane kan brukast til å støtte og styrke andre næringar. Den varsla nedbygginga av oljenæringa tvingar seg fram også av økonomiske årsaker, ikkje av miljøomsyn åleine.

Den maritime klynga i fylket vårt, og andre sterke høgteknologiske miljø i Møre og Romsdal, kan med ein bevisst, tilrettelagd politikk erstatte arbeidsplassar som går vekk. I mange år har oljenæringa lagt beslag på kompetanse og kapital, og har også skapt eit høgt løns- og kostnadsnivå som til dels har hemma andre deler av arbeidslivet. Politikarane må gjere det enklare å starte nye bedrifter og stille opp med startkapital og subsidiar. Det er ikkje berre midlar frå Innovasjon Noreg som trengst, men også enklare regelverk og gunstige startordningar.

På Stortinget har MDG foreslått å setje av 1,2 milliardar kroner til grøne såkornfond spesielt for miljøvennlege næringar. Vi går inn for 1,4 milliardar i skattelette til etablerarar og sjølvstendig næringsdrivande med låg inntekt.

MDG i Møre og Romsdal er det som blir kalla teknologioptimistar. Dette krev auka satsing på forsking og utvikling av teknologi, og denne satsinga må kome no.