Zidane, feilsatsing på nytt fossilgassfelt

Olje- og energidepartementet offentleggjer ny utbygging på Heidrun med tilknytingsfeltet «Zidane». Seinare i år kjem «Trestakk». Dette betyr mykje meir fossilgass til Aukra og vidare eksport derifrå. Det skal lagast ei feltutbygging med undervassystem, røyr, boring, utplassering av ein modul, og det blir behov for meir forsyning og landstøtte. Arbeidsplassane vil kome i 2018-2019.

3. oktober 2016

Brenning av gass frå dette feltet gir utslepp som det ikkje er plass til i atmosfæren om vi skal bidra til å nå måla i Paris-avtalen.

Olje og gasslobbyen hevder gass er dobbelt så bra som kull. Men hvor er bevisene? (Aftenposten)

Livet på havbotnen er skjørt. Denne feltutbygginga må ikkje kome i gang. Om det vert realisert krev MDG grundig dokumentasjon på lekkasjar frå leitefase, anleggsfase og produksjonsfase frå Zidane. I tillegg må det snarast kome uavhengig forsking på lekkasjer under transport, distribusjon og bruk av fossilgass frå norske felt. Mykje tyder på at totalutsleppa gjer at gassatsing er like skadeleg som kol.

Saka på NRK.no