Yrkesfag i front for grønt skifte

Miljøpartiet Dei Grøne vil ha ein ny giv for yrkesfag, no!

Alt for mange unge opplever at yrkesfag har låg status. Det kan skyldast opplevinga av at samfunnet verdset akademisk utdanning høgare, frykt for å kome til eit utrygt arbeidsliv med useriøse aktørar etter fullført utdanning, samt den akutte mangelen på lærlingplassar.

26. mai 2015

Bjørn Helset og John John Bruseth

Av
Bjørn Helset
 Førstekandidat Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta
John John Bruseth
 Førstekandidat Miljøpartiet De Grønne Møre og Romsdal

 

For å omstille Norge treng vi både kloke hovud og flinke hender som finst på yrkesfag. Yrkesfaga må få eit statusløft! Dette krev nytenking gjennom heile skuleløpet, samt tiltak retta mot arbeidsmarknad og næringslivet.

 

Tusenvis

Framskrivingar viser at Norge vil mangle tusenvis av fagarbeidarar dei komande tiåra. Då kan vi ikkje godta at fråfallet på yrkesfaglige liner er på 45 %. For å hindre fråfall bør utdanninga vere meir yrkesrelevant, og legge opp til meir praksis – også tidlegare i skuleløpet. Vi vil sikre at fellesfaga vert retta mot det som er relevant for dei ulike yrkesfagprogramma.

Idealisering av teoritunge fag og metodar pregar norsk skule. Men barn er ulike og lærer på ulike måtar, og praktisk dugleik må vere det grunnleggande. Meir vektlegging av praktiske og kreative tilnærmingar, samt tettare oppfølging av elevane si psykiske helse og sosiale miljø, kan bidra til å hindre fråfall.

 

Trygge relasjonar og meistring

Elevane bør tidleg oppleve at praktiske og kreative fag vert tekne på alvor og verdsett. Slik kan alle elevar oppleve meistring, og det kan gjere skulegangen meir lystbetont. Miljøpartiet Dei Grøne vil gi større høve til valfag, allereie frå femte trinn i grunnskulen. Fagpersonar bør involverast i valfagordninga, til dømes handverkarar, bønder, IT-programmerarar og musikarar. Kvalitet i undervisninga må sikrast, mellom anna gjennom tilpassa klassestorleik og kompetansekrav til lærarane.

Rådgjevingstenesta må styrkast. I dag er det berre anbefalte retningsliner som gis til rådgivarar ved norske skular. Det er ikkje tilfredsstillande. Det må krevjast formell kompetanse i yrkesrådgjeving ved tilsettingar, og vi må tilby vidareutdanning til eksisterande rådgjevarar.

 

Utdanningsrådgjeving og sosialrådgjeving

Mange som ikkje fullfører yrkesfag hadde høgt fråver i ungdomsskulen. Fråfallet i norsk skule starta allereie dei første åra på barneskulen. Det er derfor viktig å styrkje den sosialpedagogiske oppfølginga gjennom heile grunnskulen. Det bør skiljast mellom utdanningsrådgjeving og sosialrådgjeving, til dømes ved at det vert oppretta eigne stillingar for sosialrådgjevarar. Alle grunnskular bør ha tverrfaglege miljøteam, som kan bestå av for eksempel miljøterapeut, helsepersonell og psykolog. Vi vil auke ressursane til helsesøstertenesta i grunn- og vidaregåande skule.

 

Praksisbrev

Erfaring frå forsøk med praksisbrev, viser gode resultat for elevar som stod i fare for å falle frå i vidaregåande opplæring. Praksisbrevordninga er eit toårig opplæringsløp der elevar som ynskjer ei meir praktisk opplæring, er tilsett i bedrift. Dei får undervisning i norsk, matematikk og samfunnsfag ein dag i veka. Miljøpartiet Dei Grøne meiner tilbodet bør utvidast til å omfatte alle fylker.

 

“Y-vegen”

Overgangen mellom yrkesfag og høgare utdanning må forenklast for personar med fagbrev. Derfor bør “Y-vegen” utvidast til å gjelde fleire yrkesretningar og studieløp over heile landet.

Samtidig som fråfallet er høgt, står fleire tusen norske yrkesfagelevar kvart år utan lærlingplass ved fullført skulegang. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at elevar som startar på yrkesfagleg opplæring skal ha rett til utdanning som fører fram til fagprøve. Offentlege verksemder må påleggast å ta inn lærlingar, og det må stillast krav til bedrifter som tek del i anbod ved offentlege innkjøp om at dei har lærlingar, også på det aktuelle prosjektet. Incentiv-ordningar som gjer det lettare for bedrifter å ha lærlingar bør prøvast.

 

Fornybar energi som studieretning

Ørsta Vidaregåande skule er ein av dei mange yrkesskulane i fylket som må satsast på og lyftast dei kommande åra. Skulen sitt tilbod er godt tilpassa det lokale næringslivet i regionen, og faga ved skulen spenner over viktige fagområder som; Bygg- og anleggsteknikk, Design og handverk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk- og industriell produksjon. Framtida må verte meir framoverlent, om vi skal kunne treffe rette tiltak i den omstillinga det grøne skiftet krev.

Innføring av Fornybar energi som nytt fagområde i alle yrkesskular vert ei viktig sak for Dei Grøne for å kunne gjere neste generasjon rusta til å byggje eit godt samfunn etter oljen.

 

Grønt valfag

I tillegg må ungane våre få høve til grønt valfag i barneskulen. Slik det står i dag vert ikkje interessa for landbruk og dyrevelferd dyrka fram i ung alder anna enn på mjølkepakkane på frukostbordet.