Tungolje og svovelutslepp nord for Stad

Fotocredit: Illustrasjon henta på nettet.

Krava mot miljøskadelege utslepp frå cruiseskip og anna skipstrafikk må kraftig skjerpast. Vestnorsk Fjordlandskap står på verdsarvlista til UNESCO. Dette omfattar heile fjordlandskapet i Nærøyfjordområdet og Geirangerfjordområdet. MDG meiner at desse områda må få status som spesielt sårbare.

4. november 2016

 

Cruisetrafikken er den mest forureinande turismen i verda i dag, utsleppa pr. passasjer er høgre enn i flytrafikken. Skip som går på tungolje spyr ut tonnevis av CO2, svovel, nitrogenoksid, partiklar og sot. Alt dette fører til store skader på menneske, dyr og natur.

Grense

Vestlandet har fantastisk flotte cruisedestinasjonar både sør og nord for Stad; Sognefjorden, Nordfjorden, Geirangerfjorden og Romsdalsfjorden. Sør for 62 nord er Norskekysten klassifisert som lågutsleppsområde (ECA) av IMO, FNs maritime organisasjon. Skip som trafikkerer her får ikkje ha meir enn 0,1 % svovel i drivstoffet. (Det same gjeld alle skip som ankrar opp eller ligg i hamn i Europa innanfor EØS-området.) Cruiseskip som går inn Sognefjorden til Nærøyfjorden kan altså ikkje bruke drivstoff med meir enn 0,1% svovel. Men om turen går til destinasjonar nord for Stad er det annleis.

Lågutsleppsområdet sluttar ved 62  nord, ved grensa til Møre og Romsdal. I det dei passerer grensa kan cruise- og andre skip skifte frå dyr marin diesel til billeg tungolje med 3,5% svovelinnhald. Med dette drivstoffet kan dei lovleg gå heilt inn i Geirangerfjorden verdsarvområde. Først når dei ligg til kai eller har ankra opp må dei skifte til drivstoff med 0,1 prosent svovel igjen. Til samanlikning inneheld diesel for bilar 0,01% svovel.

Nye krav

IMO vedtok nyleg å skjerpe krava til skipstrafikken utanfor lågutsleppsonene i verda. Dersom mange nok av medlemslanda godtek avgjerda blir kravet redusert frå 3,5% til maks 0,5% svovelinnhald i marine drivstoff på verdshava frå 2020. Om alle medlemslanda vil godta dette er uvisst. MDG helsar dei nye reglane frå IMO velkomen og håper dei blir gjeldande i heile verda frå 2020 utanfor dei spesielle vernesonene.

Men MDG meiner også at lågutsleppsområdet langs Norskekysten må utvidast til å gjelde heile kysten og Svalbard, slik, Danmark, Sverige, USA og Canada har innført for sine kystar. Dette vil innebere at ingen skip kan ha meir enn 0,1% svovel i drivstoffet uansett kvar dei går langs kysten vår.

I tillegg vil MDG Møre og Romsdal arbeide for endå strengare krav til skip som trafikkerer i verdsarvområda:

  1. Maks. 0,1% svovel i drivstoffet også til skip som går inn Storfjorden i løpet av 2017.
  2. Etablering av landstraum i alle hamnene i verdsarvområda innan 2020.
  3. Redusert fart tilpassa designet til kvart skip for å få ned utsleppa heile vegen frå innløpet av Storfjorden og Sognefjorden og inn i verdsarvfjordane.

May Britt Haukås

Stortingskandidat, Miljøpartiet Dei Grøne Møre og Romsdal

- MDG helsar dei nye reglane frå IMO velkomen og håper dei blir gjeldande i heile verda frå 2020 utanfor dei spesielle vernesonene.