Sykkel og ferjer

Sykkel og ferjer

Av Ola Sønderland, førstekandidat Miljøpartiet De Grønne Molde

I media kan vi lese at det er gode tider for rekruttering av arbeidskraft, at fergeruter må styrkast, – og vi veit at det er ordretørke i verftsindustirien.

Utvikle ferjer

Møreaksen kan kanskje kome med i den nasjonale transportplanen i 2017. Deretter vil det gå mange år før bygging kan ta til. Langt opp og fram om dette. No er tida inne for å bruke eksisterande ingeniør- og verfskompetanse til å utvikle ferjer og transportløysingar som er fossilfrie og som gjeng over til fornybar energi, til dømes elektrifiserte ferjer. For med eller utan akser og traserer, så vil det vere mange strekningar med ferjer langt inn i framtida. Ei endring av måten desse er bygd på må til, både om ein skal redusere klimautslippa og om ein skal klare å halde oppe arbeidsplassane i verftsindustrien og leverandørinsdustrien rundt. Dette blir kjærkomne ordrar og mange arbeidsplassar.

Gratis

For mange ferjestrekningar er utfordringa at det er for mange bilar. Ofte ein og ein person i kvar bil. Kva med å få på banen litt meir spennande tankar der ein premierer folk som bruker sykkel ved at desse reisande får reise gratis? Dette vil og vere bra for turistar, – ein attraksjonen i seg sjølv. Slik ville det verte x færre biler om bord og presset på trafikktoppar kan minke. Infrastruktur rundt slike forslag må utarbeideast. Sykkeltraseer mot ferjeleier osv. For å røkje nærare rundt dette, så sendast ideèn til Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet for å sjå om forslaget har substans. Tilbakemeldingar derifrå vil gi innspel til prosjektet vidare.

Sunn økonomi

Til valet i haust, så gjeld det å stemme på dei små i sentrum, fordi dei store partia i for liten grad vel å ta vare på miljøet. Det er og høge risikoaspekt med vidare oljeutvinning i forhold til pris pr. fat. Ein lyt justere ned utvinningstempoet mykje, bruke og forske på alternativ energi, slik at ein fasar ut fossilt og gjeng over til fornybar energi. Ved å velje grønt, så kan ein både ta vare på miljøet og få til betre, sikrare og meir langsiktig sunn økonomi for fleire. – Ikkje minst for generasjonar etter oss.