Styrk lokalsamfunna

Resolusjon vedtatt på årsmøte i Miljøpartiet Dei Grøne Møre og Romsdal 12. april 2014:

Lokalsamfunna i Møre og Romsdal

Norske kommuner har i snitt dobbelt så stort folketal som lenger nede i Europa, og arealet er i snitt mange gonger større enn ein vanleg kommune på kontinentet. Vi må hugse kva som er vitsen med kommunene: å styre lokalsamfunna våre. Ulstein, Ørsta, Hareid, Fosnavåg, Larsnes, Volda, Stranda, Valldal, Åndalsnes, Tingvoll, Sunndalsøra, Surnadal, Sykkylven og fleire, er gode tettstader der nærdemokratiet fungerer. 4273 innbyggarar er gjennomsnittleg innbyggartal for dei ti beste kommunene i landet, kåra i «Kommunal rapport» sitt kommunebarometer 2013. Ingen store kommuner kom med blant dei 10 beste. Små kommuner har smådriftsfordelar og gir engasjement som er uråd å oppnå i regionkommuner. Styrk lokalsamfunna. Sei nei til tvungen kommunesamanslåing.

Bakgrunn: Nøkkeltall i Kommunebarometeret 2014