Stopp distriktsnedbygginga. Støtt Bioforsk Tingvoll!

Stjernehagen i Tingvoll

For få tiår sidan fanst ordet «distriktsutbygging» i norsk politikk. Statlege arbeidsplassar vart flytta ut av Oslo, Møre og Romsdal fikk Distriktshøgskule i Volda, Statens Lånekasse i Ørsta, lokalsjukehusa vart styrka og fikk nybygg. Politikarane ville ta heile landet i bruk for å unngå for sterk sentralisering. Vi fikk den beste oppblomstringstida som distrikts-Norge nokon gong har hatt. Blåblå regjering har no skifta gir, og nyttar ordet robust (det betyr eigentleg revers, eller distriktsnedbygging) om sine tiltak, som i liten grad er kunnskaps- og faktabaserte.

Økologisk mønsterbruk
Norsøk blei etablert av pionerar på Tingvoll gard i 1987. I 2006 gikk fagmiljøet på Tingvoll inn i Bioforsk økologisk. Der er no 37 tilsette, 16 med doktorgrad. Bioforsk Økologisk i Tingvoll har det einaste større forskingsmiljøet som arbeider med økologisk produksjon i Norge, og er ein grunnleggande del av ei grøn klynge på Tingvoll, som siden 1989 har vore økokommune.

Bioforsk er ein av dei største arbeidsplassane i Tingvoll og med mykje kompetanse. Dei driv også aktivt med formidling av kunnskap i til landbruksnæringa og skulane.

Innan nasjonalt Bioforsk er stasjonen den nest største i forskingseininga utanfor Ås. Dei jobbar effektivt innanfor budsjettrammene, samarbeider med fagmiljø i inn- og utland om økologisk landbruk og vilt- og utmarksforsking, og publiserer anerkjente artiklar. Alt er på stell! Etterspurnad etter rein og økologisk mat aukar. Bioforsk Tingvoll må sjølsagt få halde fram!

Kvinneunderskot
Møre og Romsdal fylke, og særleg distrikta, har kvinneunderskot. Kvinnearbeidsplassar skal vere eit satsingsområde. På Bioforsk Tingvoll er det flest kvinner. Desse må ikkje miste jobbane sine, som er nært knytte til den nære naturen og lokalsamfunnet.

Robustiseringsvedtak
Nordmøre føler seg svikta etter sjukehusstriden, landsdelen tåler ikkje fleire nederlag i form av robustiseringsvedtak i eit eller anna upolitisk styre! Det nasjonale Bioforsk er no i ein prosess med å redusere regionale einingar, og 10. mars skal styret ta stilling til forslag om å slå saman einingar. Det betyr at miljøet på Tingvoll kan miste si leiing og etter kvart kan mange av oppdraga bli lagt til Trondheim og Ås.

Miljøpartiet Dei Grøne M&R støttar formannskapet i Tingvoll som krev at fagmiljøa på Tingvoll blir verande. Eigen avdeling for øko-forskinga i NIBO (Norsk institutt for Bioøkonomi) må bli lokalisert til Tingvoll med tilstrekkelig faglig bredde, finansiering og storleik til å ivareta strategiar langs heile verdikjeden. Avdelinga må ikkje svekkast ved at forskarstillingar vert flytta!

http://www.bioforsk.no/ikbViewer/page/bioforsk/forskingssenter/senter/avdeling?p_dimension_id=15070

http://www.nrk.no/mr/uforstaande-til-nedleggingsforslag-1.12243292

http://www.auraavis.no/Trues_av_nedlegging-5-5-7560.html

http://www.nrk.no/mr/_-katastrofalt-hvis-bioforsk-blir-nedlagt-1.12244321

https://www.facebook.com/pages/St%C3%B8tteside-for-forskning-p%C3%A5-%C3%B8kologisk-mat-og-landbruk/1557552011182656?fref=nf