Spennande nominasjonsmøte 12. november

Laurdag 12. november  skal Miljøpartiet Dei Grøne og Grøn Ungdom i Møre og Romsdal i fellesskap avgjere kven som skal stå på stortingslista vår. Alle medlemmer som har betalt kontingent har full forslagsrett og stemmerett for kvar enkelt plassering på lista. Det er 15 personar som skal vere med på lista.

Nominasjonskomiteen har foreslått May Britt Haukås på førsteplass.
Molde lokallag har varsla benkeforslag på Lage Nøst til førsteplassen.
Surnadal og Kristiansund lokallag har varsla benkeforslag på Carl Johansen til førsteplassen.

Dermed blir det kampvotering om førsteplassen.

25. oktober 2016

Her er nominasjonskomiteen sitt forslag:

  1. May Britt Haukås (Ålesund)
  1. Carl Johansen (Oslo/Sunndal)
  1. Lage Nøst (Stavanger/Molde)
  1. Ragnhild G. Tunheim (Halsa)
  1. John John Bruseth (Ålesund)
  1. Vanja Knudtsen (Kristiansund)
  1. Stein Brubæk (Gjemnes)
  1. Matilde Vadseth Furholm (Ålesund)
  1. Jon Peder Vestad (Molde)
  1. Eli Vullum Kvande (Surnadal)
  1. Bjørn Hjelset (Ørsta)
    Har trekt seg. Nominasjonsmøte vel ny kandidat.
  1. Oddbjørg Langset (Molde)
  1. Lars Kristian Bjørnaa (Kristiansund)
  1. Grete Lene Serigstad (Tingvoll)
  1. Øyvind Festø (Volda)

Dagsplan (revidert 4. nov) til nominasjonsmøte laurdag 12. november på Vestnes Frivilligsentral:

12:00  Registrering, kaffe. Berre medlemmar i MDG og GU som har betalt kontigent har stemmerett.

12:15: Velkomst, Godkjenning av innkalling, valg av ordstyrer, godkjenning av dagsorden Gjennomgang av avstemmingsrutiner.

12:30: Nominasjonskomiteen legg fram innstillinga.

12:40: Toppkandidatane presenterer seg, 10 minutt kvar.
13:10 Generell debatt om nominasjonskomiteens forslag og toppkandidatane.

13:30: PAUSE. Enkelt måltid.

14:15: Votering over plassene enkeltvis, med støtteappeller der det er kampvoteringer. (15 voteringar). Opning for benkeforslag. Skriftleg votering om det er mer enn en kandidat.

15:15: PAUSE OG FOTOGRAFERING

15:30: Valkamparbeidet. Orientering og rådslaging. Medlemmar og mandat for valkampkomite.

16:00 Slutt.

————————————

Fylkesstyret har eit kort møte etterpå.

Bussruter på laurdagar:

  • Buss frå Volda 08:50
  • Buss frå Ørsta: 09:10
  • Buss frå Ålesund: 10:25
  • Buss frå Moa: 10:55
  • Ankomst Vestnes: 11:50

Buss frå Kristiansund: 09:30

  • Buss frå Molde: : 11:10
  • Ferje frå Molde: 11:15
  • Ankomst Vestnes: 11:55

Andre deler av fylket har ikkje høvelege bussruter til Vestnes på laurdagar. Organiser felleskøyring i bil.

Buss frå Vestnes nordover: kl 16:20 og 17:50

Buss frå Vestnes sørover:  kl 16:25 og 17:55

MDG i Møre og Romsdal fikk 1,4% av stemmene ved stortingsvalet i 2013. I 2015 fikk vi 2,7% ved fylkestingsvalet, – det er nesten ei dobling. Om vi doblar i 2017 også, så har vi sjanse på utjamningsmandat. For å vere sikra ein stortingsplass frå M&R må vi ha meir enn 7% av stemmene. Uansett er det viktig å vere med å dra opp landsgjennomsnittet for MDG til over 4%, då kjem vi over sperregrensa, og får mange fleire inn på Stortinget.

Nominasjonskomiteen si innstilling og grunngjeving er utsendt i epost.

Komiteen består av: Ralph Herter, Kristiansund, Bente Foseide, Molde og Erik Moen, Surnadal

Velkommen til denne viktige dagen for MDG i Møre og Romsdal!

(Husk å betale kontigent, om du ikkje har ordna det)