Skulehagen: Ein tverrfagleg ressurs

Etter suksessen med inspirasjonsseminar om skulehagar i februar følgjer Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) og MDG Møre og Romsdal opp med eit praktisk retta kurs for dei som ynskjer å lære meir om skulehagen. Kurset vil gå gjennom dei grunnleggande prinsippa for etablering og drift av ein kjøkkenhage og passar òg godt for private som er interesserte i hagebruk.

16. april 2018

Kirsty McKinnon frå Norsk senter for økologisk landbruk held kurs for lærarar, barnehagetilsette og andre interesserte om korleis ein opprettar og driv ein hage som del av eit pedagogisk opplegg. Skulehagar er ein fin måte å variere undervisinga på, der born og vaksne får bokstaveleg tala matnyttige erfaringar. Ein kan integrere fleire fag i opplegget, og erfaringar frå etablerte skulehagar er svært
positive.

Skulehagen var tidlegare for mange ein sjølvsagt del av skulekvardagen, og så seint som i 1984 hadde 90% av grunnskulane i Oslo kommune ein hage. Etter dette har talet blitt langt mindre, ettersom fokuset i undervisinga har endra seg. Dei seinare åra har vi sett at interessen igjen er aukande, og det med god grunn. Fokuset er modernisert, og er ikkje lenger berre konsentrert om matauk, sjølv om det sjølvsagt er ein viktig del av hagebruket. Ein kan òg bruke hagen som ein praktisk læringsarena, skape nyfikne og engasjerte elevar som får god forståing rundt korleis naturen fungerer og kva som ligg bak maten vi treng.

MDG Møre og Romsdal meiner at ein variert skulekvardag med praktiske element er viktig for trivnad og læring. Uteaktivitetar er bra for psykisk og fysisk helse, særleg i ei tid der mange unge lever meir stillesitjande liv enn tidlegare. Kunnskap om matproduksjon, krinsløp og naturbruk må førast vidare, og bidreg til eit grønare samfunn med mindre matsvinn og transportutslepp.

McKinnon er ekspert på kjøkkenhagar, og går i dette kurset nøye gjennom det praktiske ved oppstart av ein hage, frå anlegg og gjødsling til planteval, stell, løysingar for perioder med ferie, og kompostering. Dette er aktuelle tema også for dei som ynskjer å anlegge kjøkkenhage heime.

Kurset går i Ulsteinvik over to kveldar, 25. april og 23. mai. Vi oppmodar alle interesserte, både pedagogar og andre interesserte, til å melde seg på innan 22. april. Sjå www.norsok.no for nærare informasjon.

For meir informasjon, kontakt Frida Gillberg, tlf. 41316073, fgillberg@gmail.com