Regn eller sol

Ti vassdrag i Ørskog og Sykkylven er planlagde for kraftutbygging.

Regndalen
Bilde: Regndalen og Velledalen i Sykkylven,

Ti vassdrag i Ørskog og Sykkylven er planlagde for kraftutbygging.
Dette medfører samla sett eit stort inngrep i lokalt naturmangfald. Miljøpartiet Dei Grøne er svært skeptisk til desse utbyggingane sjølv om energien vert utan klimagassutslepp.

Anleggsvegane
er ofte eit like stort naturinngrep som sjølve røyrgatene og den minka vassføringa. Ein anleggsveg, eller skogsveg, skaper takrennesystem og fører vatnet i ei fjellside heilt nye vegar. I nedkanten av ein anleggsveg vert det eldgamle økosystemet skipla og det gir ein stor risk for artsmangfaldet i området.

Fjelldalar.
Det er svært få fjelldalar i desse kommunane som er urøyvde av anleggsverksemd. For turismen, friluftslivet og hundrevis av komande generasjonar er det av vesentleg betydning at vi kan behalde naturen intakt i nokre av fjelldalane våre. Regndalen peikar seg ut som den mest verdifulle i denne konsesjonsrunda. Den ligg kloss under ein av dei største breane på Sunnmøre og det villaste landskapet i Sykkylven. Nokre watt med energi er ikkje argument nok til å endre på den fantastisk varierte naturen frå kulturlandskapet i Velledalen og opp til den smale jettegryta under breen. Utbyggingsplanane for Regndalselva er uakseptable. Grytavatnet og øvre Huna ligg også i fjelldalar der kraftproduksjon ikkje høyrer heime.
Hundeidvik og Megardsdalen med elva Huna
Foto: Hundeidvik og Megardsdalen med elva Huna.

Sjøauren.
Småkraftverk som stjel nedre del av småelvane våre er eit kraftig trugsmål mot sjøauren, som har gått kraftig tilbake dei siste åra. Det er i desse elvane sjøauren kan gyte. Det som trengs i slike elvar er fjerning av søppel og reinsing av kloakk.

Vind.
Auka kraftbehov kan vi dekke på anna vis. Fagfolk nemner at vindkraft kan dekke landet sitt kraftbehov 20 gongar. Miljøpartiet Dei Grøne ser på plassering av vindkraft som kontroversielt, og ynskjer førebels dette lokalisert til havvind på Utsirahøgda i Nordsjøen, slik at det kan gi rein kraft til fossilutvinninga der. Det kan redusere trongen for å bygge ut endå fleire småelvar.

Sol.
Viktigaste energiutbygginga bør no skje ved å kle hustaka våre med solcellepanel. Dette har dei allereie fått til i Sverige og Tyskland. Regjeringa må fremje ei ordning med skattefrådrag for slike ENØK-tiltak snarast råd, og Mørenett må framskynde installering av plussmålarar hos alle husstandar på Sunnmøre. Slik kan alle huseigarar i Sykkylven og Ørskog bli “kraftbaronar”, ikkje berre dei som tilfeldigvis vaks opp ved ei elv. Mange av konsesjonssøkjarane har store løetak, ideelle for solcellekraft.

Miljøpartiet Dei Grøne ber om at rette instansar no seier nei til elveutbyggingane, og satsar på solenergi, –den einaste grøne krafta utan lokale naturinngrep.

Miljøpartiet Dei Grøne M&R