Positivt årsmøte i MDG Møre og Romsdal

Styret i Møre og Romsdal MDG: Jon Peder Vestad (Molde), Margrete Winter-Hjelm (Molde), John John Bruseth (Ålesund/Oslo), Siri Tangen Standal (Volda), Lars Gaupset (MDG sentralt, møteleiar), Kari Godø Sæther (Giske), Helge Standal (Volda). Thorleif George Kristiansen (Hareid) og Frida Gillberg (Sæbø) er ikkje med på bildet.

Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal gjennomførte årsmøte i Ålesund i helga. Etter det positive stortingsvalet 2013, med 2000 stemmer til MDG i fylket, var det eit optimistisk årsmøte som ser fram til neste val i 2015. Medlemstalet har også auka monaleg, til 140. Og i meiningsmåingar klatrar vi no opp mot 4-talet.

Vi hadde besøk av Lars Gaupset, som var møteleiar, han er innstilt som ny partisekretær i MDG på landsmøte 24. april.

I 2013 var vi berre menn i styret, denne gongen fikk fylkeslaget eit kjønnsbalansert styre med heile 7 medlemar. John John Bruseth held fram som leiar, elles er dei fleste nye:

John John Bruseth (Ålesund/Oslo), leiar
Helge Standal (Volda), sekretær
Thorleif George Kristiansen (Hareid), kasserar
Margrete Winter-Hjelm (Molde), styremedlem
Siri Tangen Standal (Volda), styremedlem
Kari Godø Sæther (Giske), styremedlem
Jon Peder Vestad (Molde), styremedlem
Frida Gillberg (Sæbø), vara

Nordmøre er diverre ikkje representert denne gongen.