På landsmøte til MDG i 2014

Presentasjon av kandidatar til toppverva i partiet

Møre og Romsdal MDG hadde 5 delegatar til landsmøte i Sandvika 25.-27. april. I tre lange dagar var det politiske diskusjonar, gode talar og mange vedtekstendringar.
Frå vårt fylke var Jon Peder Vestad, Margrete Winter-Hjelm, Magnhild Sande, Øyvind Festø og Helge Standal utsendingar. Totalt var meir enn 200 delegatar med på å stemme Rasmus Hansson og Hilde Opoku til nye talspersonar for partiet. MDG Møre og Romsdal jobba for å få vedtatt resolusjon om oppdrettsnæringa. Denne resolusjonen kom ikkje opp mellom dei 10 som vart vedtekne. Landsmøtet var inspirerande og lærerikt. Alle fylkeslag har fått utfordringa: Kom inn i så mange kommunestyre som råd i 2015. Vi har å gjere!