Nei til bompengar

Nei til bompenger

Det er med undring vi sit på sidelinja og observerer debatten om bompengar og bypakke i Ålesund. Å bygge ca ti bomstasjonar kostar svært mykje pengar. Det tekniske systemet skal samkøyrast. Skal tru om kommunestyret veit kva investering og demontering etterpå vil koste? I tillegg kjem eit fakturabyråkrati med etterfylgjande inkassogalopp for mange av bileigarane. Og så er det utlendingane som kan lure seg unna. Pengevinninga går fort opp i pengespinninga.

Kvifor ikkje gjere det heile enkelt og smertefritt som bensinavgifta i Tromsø. Legg på f. eks ei krone literen på drivstoff som vert seld ved alle stasjonane i kommunen. Kvart budsjettår kan kommunen diskutere seg fram til rett pris på avgifta. Ein slepp irritasjon og kostnadar ved bomstasjonar, og kan avvikle avgifta utan å måtte fjerne svære tekniske anlegg. Om bilistar i nabokommunar kan nyte godt av avgifta så kan bensinstasjonar i ein større region vere med på avtalen.

Om drivstoffavgifta gir ein bieffekt i form av mindre bilkøyring, så er det ein flott bonus for klima, miljø, kollektivtransportørar, fotgjengarar og syklistar. Og eit flott intenciv for å kjøpe elbil.

Bybåten
Og så kan ein opprette elektrisk bybåt (flytande bybane) frå Hessa/Skarbøvika -Sentrum – Nørvasundet – Lerstad – Breivika (Moa)
http://www.sysla.no/2014/05/08/fornybar/flytende-bybane-kan-fa-fornybar-pris/
Den maritime klynga på Sunnmøre må hive seg rundt og vere med på denne teknologiutviklinga. Regjeringa har eit svært klimafond, det kan vel nyttast til å få drift på ei slik lokal rute.