Miljøpartiet Dei Grøne Haram

-Både eg og partiet tek med oss litt Pippi Langstrømpe-filosofi inn i politikken:
«Det har eg aldri gjort før, så det greier eg heilt sikkert!», seier Linn-Beate Harjo, førstekandidat i MDG Haram.

20. april 2015

-Vi ønskjer i første omgang å få til ei haldningsendring i Haram. At fleire må få auga opp for at bærekraftig miljøpolitikk legg grunnlaget for all anna politikk.

-Vi har ikkje satt opp programmet, men det er mykje som kan bli betre i Haram, og spesielt kollektivtilbodet. Det går ein buss om dagen, omtrent. Dei fleste kan ikkje bruke buss til jobb, og då vert det to bilar i kvart hushald.

Det er første gong partiet stiller liste i kommunen. Og det er første gong kandidaten stiller på ei politisk liste. Harjo kjem frå Vatne/Tennfjord. Ho har har reist myjke i verda i vaksenlivet, og har budd i hiemkommunen meir eller midre fast sidan 2013. Ho jobbar til dagleg som marknadskonsulent i Nordre.

 

Valliste Miljøpartiet Dei Grøne i Haram

1. Linn Beate Harjo (1982)
2. Lea Bryne Agati (1987)
3. Rune Brevik Holmelid (1984)
4. Joakim Skaar (1996)
5. Silje Mathisen (1985)
6. Kristian Johnsen (1978)
7. Iris Relling Nilsen (1956)
8. Kristian Magerøy (1984)
9. Richard Wasmuth (1970)
10. Amund Terøy (1986)