Maritime kloakkutslepp

Norske skip i norske farvatn skal følgje reglane for kloakkutslepp i kvar kommune. Med unntak av Oslofjorden betyr det i praksis at skip utan kloakkreinseanlegg dei fleste stader kan sleppe kloakk ureinsa i sjøen 300 meter frå land. Dette gjeld også inne i fjordane i verdsarvområda. Dei fleste gamle ferjer, skyssbåtar, brønnbåtar, fiskebåtar og småbåtar har ikkje reinseanlegg for kloakk.

20. november 2016

Cruiseskip skal følgje dei internasjonale reglane som forbyr utslepp av kloakk nærare enn 12 nautiske mil frå land. Dei fleste cruiseskipa har kloakkreinseanlegg om bord, men av varierande kvalitet. Nokre berre kvernar kloakken før den blir sleppt ut i havet, oftast om natta når passasjerane søv.

MDG vil forby utslepp av ureinsa kloakk frå skip i fjord og hav. Innan 2020 må alle større skip som ferdast langs kysten og i fjordane i Norge installere moderne kloakkreinseanlegg eller levere kloakken i godkjente mottak i hamnene.

Premiering

Oslo havn og Bergen og Omland havnevesen er mellom dei få hamnene i Norge som har innført miljørabatt for skipa som legg til der. Dei mest miljøvennlege skipa får kutt i avgiftene etter kor høgt dei kjem på den internasjonale miljøskalaen Environmental Shipping Index (ESI). Denne er utvikla av nokre av dei største hamnene i verda for å få ned forureininga frå skip medan dei ligg i hamn.

MDG jobbar for at miljørabattar i samsvar med ESI blir innført i alle hamnene i Norge.

May Britt Haukås

Nr 2 på stortingslista
Miljøpartiet Dei Grøne Møre og Romsdal