Lister i Ørsta og Volda er klare

Toppkandidatar i MDG Ørsta og Volda. Helge Standal (nr 2 i Volda), Frida Gillberg (nr 2 i Ørsta), Bjørn Helset (nr 1 i Ørsta), Iren Aambø (nr 3 i Ørsta) og Øyvind Festø (nr 1 i Volda)

Toppkandidatar i MDG Ørsta og Volda. Helge Standal (nr 2 i Volda), Frida Gillberg (nr 2 i Ørsta), Bjørn Helset (nr 1 i Ørsta), Iren Aambø (nr 3 i Ørsta) og Øyvind Festø (nr 1 i Volda)

No er felleslaget MDG Ørsta/Volda delt i to.

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta har Bjørn Helset som leiar, og som kumulert listetopp. I Miljøpartiet Dei Grøne Volda er Øyvind Festø listetopp og Helge Standal lokallagsleiar. Det er første gong Miljøpartiet Dei Grøne stiller lister ved kommunevalet i Volda og Ørsta.

Dei to laga jobbar no med å sluttføre program for kommunevalperioden 2015-2019. Det blir mykje samarbeid mellom laga, men når vi no satsar på lokalpolitikken er det naturleg med eit lag i kvar kommune.

Ut frå stemmetalet til MDG ved siste Stortingsval, vil Øyvind få plass i kommunestyret. Vi har håp om to representantar, men lokallagsleiar Helge Standal, på andreplass på lista, vil også vere fornøgd med ein varaplass i kommunestyret. I Ørsta må vi auke stemmetalet frå 2013 for å få inn MDG-folk. Ørstalista har mange namn frå grendene, det viser at MDG no er meir enn eit byparti, slik det har vore nokre år. Vi er eit parti for alle deler av landet.

Vi er realistar, og har ingen ordførarkandidat på listene våre. MDG vil støtte den ordførarkandidaten som kan tilby mest innanfor miljø og økologisk berekraft. Å ta vare på matjord og mjuke trafikkantar står sentralt. Gangfelta er berre ein skugge av seg sjøl, her trengst heva gangfelt og betre rutinar for kvitmåling.

Det er mange voldingar og ørstingar som ventar på andelslandbruk og parsellhagar, noko som vil vere eit flott tiltak også for flyktningane her. MDG satsar på livskraftige lokalsamfunn og er svært skeptiske til all politikartid som no vert brukt til vidløftige draumar om svære bilbaserte regionkommuner og usannsynlig kostbare fjordkryssingar. Vi støttar E39-tiltak som kan få trafikken utanom sentrum, tunnel Volda-Furene og Ørstafjordkryssing kan vere gode nærmiljøtiltak.

Ferjekonsesjonar må ha krav om elektrisk drift, som mellom Lavik og Opedal. På Voldsfjorden kan to ferjesamband greie seg med tre ladepunkt.

MDG er også opptatt av at kommunen må vere svært forsiktige med nye låneopptak, for å unngå at neste generasjon må betale for dagens ynskjer.

I lokalpolitikken ser vi mange døme på at konkurransen med nabokommunane om å vekse mest er det viktigaste av alt. Vekst er ikkje hovudpoenget for oss, stabilitet og tryggleik må vere målet i lokalpolitikken. Kommunesamanslåing er i alle fall uaktuelt utan folkerøysting. Men då kjem det an på kva ein spør om: I Ørsta må ein spørje: “Skal Ørsta og Volda bli ein kommune med kommunesenter i Volda?” I Volda må ein spørje: “Skal Ørsta og Volda bli ein kommune med kommunesenter i Ørsta?” Først då vil vi sjå kor interesserte innbyggarane er.

Dei andre partia satsar på dei gamle travarane i kommunevalet. Vi trur at voldingar og ørstingar vil ha nye folk med grønare tankar, og då blir Miljøpartiet Dei Grøne det einaste alternativet.

Her er listene:

Valliste Miljøpartiet Dei Grøne, Ørsta:

1. Bjørn Helset, 1969, Ørsta (kumulert)

2. Frida Gillberg, 1979, Sæbø

3. Iren Aambø, 1965, Ørsta

4. Frode Holen, 1975, Sæbø

5. Stina Jakobsen, 1979, Hovdebygda

6. Lisbeth Ose, 1958, Ørsta

7. Anders Albertsson, Steinnes, 1971 . Ørsta

8. Gunn B Vindspoll, 1990, Ørsta

9. John Inge Leira Bjørningsøy, 1988, Leira

10. Knut Arne Nygård, 1969, Ørsta

11. Ingvild Mork, 1972, Bjørke

12. Sarah Victoria Høgalmen, 1985, Trandal

13. Maria Nikkinen Rørstad, 1987, Bjørke.

14. Linda Eirin Eiken, 1990, Ørsta.

Valliste for Miljøpartiet Dei Grøne, Volda

1. Øyvind Festø (1982) kumulert

2. Helge Johan Standal (1953)

3. Inghild Remøy (1964)

4. Carien Hedvig Passchier Lærum (1987)

5. Frode Riise (1972)

6. Siri Tangen Standal (1982)

7. Arild Andenes (1959)

8. Lars Drabløs (1984)

9. Annlaug Stokke (1962)

10. Hanne Benedicte Drabløs (1985)

11. Per Roald Leikanger (1985)

12. Josef Kristian Guttormsen (1932)

13. Henrik Kjos Torgersen (1988)

14. Anders Moltu Lundberg (1987)

15. Hanne Flacké Botnen (1984)

Sjå også dagens lokalaviser:
http://www.morenytt.no/nyheiter/article10784403.ece

http://nernett.no/web/?do=article&id=37565