Kroppspress og reklamepress

MDG Møre og Romsdal, ved Bjørn Helset, fikk einstemmig støtte for at Kultur- og folkehelseutvalet i fylket skal belyse problemstillingane rundt kroppspress mot unge gjennom reklame generelt og reklame i det offentlige rom spesielt.

Kroppspress mot unge gjennom reklame var ei av sakene under handsaming av langtidsplan for folkehelse på onsdag. MDG ser positivt på at helsesøstre og skule arbeider med temaet, men vi ser det som nødvendig å sjå vidare på problemet, og unngå at retusjerte modellar frekventerer media, reklame og Internett stadig oftare. Kroppsidealet tek for mykje fokus, og fører unge på ville vegar. Det er helsemessig særs viktig at dei unge ser på seg sjølve som bra nok slik dei er.

Difor har Dei Grøne på Stortinget, saman med Krf, SV og Sp, lagt fram fleire forslag som Stortinget skal behandle for å forebygge kroppspress grunna reklame, spesielt blant unge jenter.

Sidan dette er eit viktig folkehelsespørsmål, må det også vurderast på fylkesnivå i Kultur og folkehelseutvalet.