Knut Iversen Foseide ny leder i Molde MDG

Fotocredit: På bildet: Bak: Rebekka, Margrete og Bente. Framme: Jon Peder, Knut og Helge.

Knut Iversen Foseide er nyvald leiar i MDG Molde lokallag.

Ola Sønderland vart vald til nestleiar. Margrete Winter-Hjelm er kasserar, Jon Peder Vestad er sekretær og Helge Tornes, Rebekka Oma Gimnes og Bente Iversen Foseide er styremedlemmer. Styret har også tre varamedlemmer, Pål Eilert Bang, Ingvild Asphol og Ove Nilsen.

15. mars 2016

Molde MDG hadde eit godt og nyttig årsmøte 14. mars 2016, der vi blant anna valde nytt styre, diskuterte politikk og la planer for arbeidet vårt. Dessutan hadde vi eit interessant og lærerikt føredrag om lokal, nasjonal og global landbrukspolitikk halde av Stein Brubæk som er gardbrukar, leiar av Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag og aktiv i internasjonal landbrukspolitikk.

På møtet vedtok vi ein resolusjon om kommunesamanslåing og ein om lokal landbrukspolitikk. Dei skal vi leggje ut seinare. Styret fekk også innspel til saker Rebekka og Ola kan arbeide med i kommunestyret og saker lokallaget skal ta for seg i året som kjem.

Rebekka og Knut frå lokallaget skal ta del på landsmøtet til MDG i april.

referent