Jordvern og samfersel i Molde

Fleire av dei mest aktuelle sakene her i Molde og omland kan knytast til jordvern. MDG ønskjer ikkje nedbygging av dyrka jord, enten ho er i bruk eller ligg brakk. Dette røyrer ved også den store samferdselssaka i kommunen, E39 og innfarts- og utfartsveg.

12. september 2015

MDG er mot firefelts innfartsvegar vestanfor og austanfor Molde, med den raseringa av hus og jord det vil medføre. Særleg på austsida av byen vil dette medføre tap av mykje dyrkamark. MDG ønskjer derfor eit øvre løp frå Årø til Lønset og Hjelset.

I tilknyting til jordvern vil eg nemne at MDG er ein forkjempar for meir aktiv hagebruk, oppretting av parsell- og skulehagar og av såkalla urbant landbruk.

I samanheng med trafikksituasjonen peiker vi på behovet for fleire sykkelstiar, svært betra kollektivtilbod, skyttelbussar og moglegheita for reduserte prisar – særleg i rushtidene. Vi vil halde på hurtigbåttilbodet, og ferjetilbodet over fjorden vil vi ha så lenge som råd.

Dersom Kysttstamvegen blir lagt om Sekkfast (ein av tre meir miljøvennlege trasear enn løpet gjennom og under byen), er det naturleg å behalde ferjetilbodet fast. Og ferjene kjem til å gå på biogass og elkraft, som dei lasteskipa vi ser for oss avlastar mykje av tungtrafikken på vegane, som også vil redusere trafikkpresset i Molde.

Jon Peder Vestad, listekandidat for Molde MDG