Grønt skifte

Fotocredit: Årsmøte MDG M&R 2016. Innfelt: sentralstyremedlem Per Hjalmar Svae

Langtidsmålet må vere å få ein grøn statsminister i 2021 i samarbeid med andre parti som arbeider for ein grøn politikk. Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal er innstilt på å jobbe hardt for å få inn ein stortingsrepresentant frå fylket i 2017. Dette vert ein del av prosessen for å få fart på det grøne skiftet, og ei sterk grøn blokk med fleirtal på Stortinget i 2021.

8. februar 2016

Sentralstyremedlem Per Hjalmar Svae innleia programdelen på fylkesårsmøtet på Vestnes i helga, og han presenterte mål som denne våren vert smidde på i ulike organ i partiet.

•Arbeidsprogramma for 2017 – 2021 og 2021-2025 må vere best blant partia på det grøne skiftet.
•MDG skal arbeide for å danne alliansar både med andre grøne parti og miljørørsla.
•MDG skal legge vekt på skolering, og utvikling av politiske talent.
•MDG skal legge vekt på organisasjonsbygging, god rolleforståing, gode haldningar, gode demokratiske prosessar og velfungerande informasjonsflyt.
•MDG skal arbeide for å vekse videre i medlemstal, lokallag og vallister.

Fylkesårsmøtet har no valgt ein nominasjonskomite som skal jobbe med å foreslå ei solid liste til Stortingsvalet i 2017. I 2015 viser årsmeldinga at vi har hatt sterk medlemsvekst og etablert mange nye lokallag. Årsmøtet har utvida styret til 7 medlemar, det er ei sterk gruppe som skal jobbe for å styrke organisasjonen og danne fleire nye lokallag i Møre og Romsdal i 2016.

Fylkesårsmøtet sluttar opp om strategien framover:

•MDG skal fortsatt vere blokkuavhengige, og samarbeide strategisk med andre parti for å få gjennomført mest mogleg av vår politikk.
•Partiet må fokusere på det som er vesentlig for å gjennomføre den store grøne omstillinga i samfunnet og det som er mogleg å få brei oppslutnad om.
•Klima- og miljøsaka skal framleis vere det primære fram mot 2021, og vi skal vere varsame med å støyte vekk store veljargrupper ved ytterleggåande standpunkt på andre saksområde. Vi skal velje våre kampar.

Årsmøtet hadde mange innspel til partiprogramkomiteen og det vidare arbeidet, i ein god debatt der forsvarspolitikk, landbruk, skule, helse og solidaritet var viktige tema.

Det sitjande styret fikk tillit til vidare arbeid, og vart utvida med to medlemar:

Styre i fylkeslaget 2016:

John John Bruseth (Ålesund), leiar. 1 år.
Helge Standal (Volda), 1 år.
Thorleif George Kristiansen (Hareid), 1 år
Therese Grønvold (Fræna), 2 år
Jon Peder Vestad (Molde), 1 år
Ralph Herter (Kristiansund), 2 år ny
Rebekka Oma Gimnes (Molde), 2 år ny

Vara: Liv Solemdal, Tingvoll. Øyvind Festø, Volda. Grete Lene Serikstad, Tingvoll.

Utsendingar frå Møre og Romsdal MDG til landsmøte i Oslo 8. –10. april.

Bjørn Helset, Ørsta
Rebekka Oma Gimnes, Molde
Liv Solemdal, Tingvoll
Knut Iversen, Molde
Remi Aure Reksten, Sula
Ralph Herter, Kristiansund

Den 16. februar skal fylkesstyret ha møte. Vi ber om innspel til saker vi skal ta opp der, og saker MDG kan ta opp på fylkestinget. Kontakt moreogromsdal@mdg.no om dette.

- Dagens replikk om kor viktig det er med husdyrhald for å få god gjødsel: Kjøt og mjølk er eit biprodukt, det viktigaste er at dyra drit!