Grøn næringsutvikling

Fotocredit: Av Øyvind Festø, Kommunestyrerepresentant for MDG i Volda. 10. kandidat til stortingslista MDG M&R

Føresetnadane for grøn næringsutvikling kan knapt verte betre enn i Møre og Romsdal. Vi har ei spisskompetanse på skipsbygging og maritim teknologi som allereie er i ferd med å snu seg i grøn retning. Vi har havet. Vi har vind, sol og vatn. Ein natur som vi kan hauste av i all framtid dersom vi gjer det på rett måte. Vi har gode lokalsamfunn og eit landbruk som kan utviklast dersom vi tek vare på matjorda og nyttar beiteressursane på rett måte. Eit levande kulturlandskap vil også virke positivt inn på turismen.

27. august 2017

Noreg har saman med EU og ei rekke andre land underteikna Parisavtalen, som forpliktar oss til å avgrense temperaturauken på jorda til to grader. Grøn energi er difor etterspurt og på rask framgang i verdas energimarknad. Oljeprisane peikar nedover, og vi har alt funne meir olje enn det vi bør hente ut. MDG meiner at vidare leiting etter olje og gass er eit finansielt risikoprosjekt som Noreg ikkje bør gje seg i kast med. Difor hastar det med å legge til rette for eit raskare grønt skifte i næringslivet.

MDG vil satse målretta på sektorar der Noreg har naturgitte fortrinn, som fornybar energi, foredling av biologiske ressursar samt marine og maritime næringar. Vi vil flytte statlige forskingsmidlar og risikokapital frå fossilindustrien over til innovasjon i grøne næringar.

MDG vil gjere det lettare å starte og drive små føretak, gjennom blant anna lette i arbeidsgjevaravgifta for små bedrifter og auka botnfrådrag i formueskatten.

Den norske skulen har mykje bra i seg, men MDG meiner at einsidige krav til målstyring, testing og rapportering innskrenkar det pedagogiske handlingsrommet til lærarane, og hindrar skulane i å ivareta samfunnsoppdraget sitt på best mogleg vis. MDG vil verne om borna si fritid. Vi er mot obligatorisk heildagsskule og vil ikkje utvide skuledagen utover dagens timetal.

MDG vil gje rom til praktiske arbeidsmåtar i alle fag ved å legge til ein sjette grunnleggande dugleik i læreplanverket: praktisk dugleik. Vi vil i tillegg ha praktiske, estetiske og IKT-retta valfag med høg kvalitet frå 5. trinn. MDG vil stille strengare krav i offentlige anbod om bruk av lærlingar og fagarbeidarar, samt fjerne arbeidsgjevaravgifta på lærlingar.

Øyvind Festø

 

- Vi vil flytte statlige forskingsmidlar og risikokapital frå fossilindustrien over til innovasjon i grøne næringar.