Forprosjekt for skjergardsteneste i Møre og Romsdal

Fotocredit: MDG vil jobbe for at skjergårdstenesta sine båtar kan gå på nullutsleppsmotorar.

Samrøystes vedtak i Kultur- og folkehelseutvalet – 26.10.2016. Utvalet løyver inntil 100 000 kroner til utarbeiding av eit forprosjekt for etablering av ei skjergardsteneste i Møre og Romsdal.

26. oktober 2016

MDG Møre og Romsdal har kjempa for skjergardsteneste sidan valkampen i 2015, med mellom anna interpellasjon i Fylkestinget. Dette er eit gjennomslag. Få dagar etter at regjeringa opna for at fylke med lokale initiativ kan få støtte til skjergardsteneste, så har Folkehelseutvalet gjort eit samrøystes vedtak.

Etter forprosjektet må fylkeskommunen følge opp med faste midlar, og friluftsforeningane i fylket må skissere korleis ordninga kan fungere reint praktisk. Her er mykje å lære frå fylka lenger sør.

Dette er først og fremst ein siger for livet langs strendene våre og i havet og fjordane. Vi ser fram til at plastskrot og «herreløst avfall» kan bli tatt hand om og bli gjenbrukt. Det vil nok likevel bli trong for ryddeaksjonar i regi av «Hold Norge Rent» med fleire.