Fotocredit: Wikimedia

Flyktningekrise hos oss?

Vi kjenner alle til korleis hundretusenvis, ja millionar, av menneske i Syria og Irak lir på grunn av krigføring. Mange lever under vilkår vi ikkje kan førestelle oss i Jemen, Sør-Sudan og andre delar av verda. Slike forhold prøver folk naturlegvis å flykte frå. Og her i landet har vi ein innvandringsstatsråd som ønskjer at vi skal ha ein så streng flyktninge- og asylpolitikk som råd. MDG i Møre og Romsdal beklagar dette sterkt.

16. desember 2016

Det er ikkje vi i Noreg som opplever ei flyktningekrise, for samfunnet vårt er det heller ei moralsk krise. Vi veit kva som skjer, vi kjenner til nauda, og så følgjer dagens regjering to spor: Vi skal sleppe inn så få hjelpetrengande som mogleg – og vi skal ”hjelpe folk der dei er”. Til det siste må vi peike på at nabolanda til mange krigsområde, er overbelasta i dag og ikkje har evne til å gje den hjelpa som trengst.

Møre og Romsdal MDG er einig i ordet som seier at ”ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon”. Og vi kan hjelpe fleire, også her i fylket. Molde mottakssenter har vorte lagt ned før det kom i gang, i Volda blir asylmottaket lagt ned og ved andre mottak blir talet på plassar redusert. Behovet for hjelp er derimot ikkje redusert, og sett i lys av at det moralsk er heilt feil at vi som kan ta imot, har plass og råd, ikkje gjer det vi kan. Det betyr ikkje at vi er for ein slepphendt asyl- og flyktningepolitikk. 10 000 kvoteflyktningar var aktuelt for mange parti i førre valkamp, det er aktuelt no også.

Vi i MDG vil også minne om at mottaket og integreringa av flyktningar og asylsøkarar her i fylket jamt over har vore svært vellykka. Lokalsamfunna våre har vist seg å vere velvillige og vel eigna til å ta imot hjelpetrengande. Ei mogleg årsak kan vere at bygdebyane og byane våre er såpass små og samtidig velutvikla at dei som søker tilflukt hos oss, ikkje druknar i mengda eller kan søke til ”parallellsamfunn”.

Den norske «flyktningekrisa» er at regjeringa har ein asyl- og flyktningepolitikk som ikkje er tilpassa behova som finst, og som ikkje er i tråd med dei verdiane samfunnet vårt byggjer på. Det er på tide at vi er strenge mot dei blåblå, ikkje mot dei hjelpetrengande.

Vedtatt av fylkesstyret i Miljøpartiet i Møre og Romsdal 14.12. 2016.