Fire møblerte busskur i Haram

To kreative damer i MDG Haram brukte sine kreative evner til å møblere og dekorere busskur i 4 av bygdene i kommunen. Det heile skjedde ei stille natt.

4. september 2015

Tanken var å halde stilt om kven som sto bak påfunnet nokre dagar. Men det gikk kort tid før publikum ytra seg om mistanke til Miljøpartiet Dei Grøne. Saka vart plukka opp av Vegevesenet si Facebookside, Sunnmørsposten, Dagbladet og lokalvisa Nordre.

MDG Haram er svært opptekne av kollektivtransport, betre bussruter og livskvalitet. Kva var då meir naturleg enn å lage koselege busskur?

Etter eit par dagar har møblane fått stå i fred. Lokallaget tek på seg å rydde opp etter seg så snart det er ynskje om det frå Vegvesenet eller kommunen si side.

Bøker, kortstokk og sjokolade kunne ein finne i busskura.

Les om saka i Sunnmørsposten

Les om saka i Dagbladet

Følg Haram MDG på Facebook

Lesestoff og pledd, - om det skulle bli litt kaldt å vente på bussen.
Linn Beate Harjo, MDG sin førstekandidat i Haram.