Eksportfylket og samferdsel

Leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim, argumenterer godt for at Møre og Romsdal bør få 7 mrd per år til samferdsel. Dette ut frå både folketal og eksportverdi.  Kronikken henner står i Sunnmørsposten. Men kvifor satse på ferjefri E39, eksporten går over Dombås!

20. mai 2016

Om næringslivet i Møre og Romsdal skal få hjelp til å eksportere laksen og stresslessane, så må dei store midlane gå til høyhastighets jernbane til Ålesund for gods og lyntog. Knapt ein einaste laks vil krysse Romsdalsfjorden, ikkje ein einaste stressless vil bli eksportert over Hafast. Samferdselsutvalet bør snarast skrinlegge ferjefri E39. Det må vere signalet som fylkeskommuna gir til Nasjonal Transportplan.

Hafast er kostnadsrekna til ca 40 mrd, det er same prisen som for lyntog Ålesund-Moa-Skodje-Vestnes-Valldal-Bjorli-Dombås. Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje i tvil om kva som er viktigast, jernbane! Lyntog er kjent teknologi, fjordbruer er usikre eksperiment. Og med jerbanesatsinga vil utsleppa bli markant redusert, utgreiingane frå Norsk Bane er heilt klare på dette.

Mellom satsingane til samferdeslsleiaren for 2018-2021 vil MDG støtte tiltak som får gjennomgangstrafikk utanom tettstader, sykkel- og kollektivsatsingane i bypakkane og nokre deler av eksportvegen: krabbefelt over Ørskogfjellet og inst i Romsdalen og Sunndalen.

Sørheim meiner at eksisterande jernbane må vedlikehaldast betre enn i dag, det er einaste ambisjonen ho har for jernbane i det nest største eksportfylket i landet. Dette er nesten lik null. Ho burde sjølsagt jobbe for nye jernbaneliner til dei store byane i fylket.