Det grøne skiftet

I Sunnmørsposten 14. mars spør Sindre Kvangardsnes om kva det grøne skiftet er. Miljøpartiet Dei Grøne blir skulda for å gi desinformasjon, og han meiner at det grøne skiftet starta for meir enn 100 år sidan. I kronikken set han vasskraft opp mot  vindkraft.

15. april 2016

Kvangardsnes har rett i at vasskraft har vore ei god fornybar energikjelde i 100 år, og at Norge på eit vis er sjølvforsynte med energi. Den norskproduserte grøne energien er så populær i Europa at kundar på kontinentet kjøper nesten all vasskrafta gjennom den snodige opprinnelsesgarantiordninga. Dette tener kraftprodusentane i Norge ekstra pengar på, uavhengig av reelle overføringar til utlandet. Til og med dei korte periodane Norge har nettoimport av straum er opprinnelsesgarantisalg med på å gi løn til Kvangardsnes og andre som jobbar innan vasskraft. Norske straumkundar er lite opptekne av dette, og handlar indirekte elmiks frå utlandet utan å vere klar over det.

Av omsyn til naturmangfald er MDG svært skeptiske til storstilt utbygging av landbasert vindkraft. Det bør først utarbeidast ein plan for kva deler av landet som kan gi konsesjon for vindkraft. Det er synd at Frp i regjering gjekk inn for den store vindparken i Trøndelag nyleg, MDG gikk imot dette. Behovet for straumen er diskutabel, lønsemda er tvilsam og naturmangfaldet vert skada.

Heldigvis har vi ikkje fossilbaserte kraftverk i Norge. Diskusjonen om vind-kontra vasskraft er ein marginal debatt i klimarekneskapen. Vindkraft kan eksporterast og erstatte gassturbinar på sokkelen. Sidan vinden er langt jamnare og sterkare til havs enn på land, er MDG mest opptatt av vindturbinar til havs.

MDG ser det som viktig at den infrastrukturen som norske vass- og vindkraftverk representerer, skal vere offentleg eigd. Det er synd at regjeringa opna for utanlandske oppkjøp av småkraftverk.

For å forklare det grøne skiftet må vi sjå på eit større bilete. Det handlar om å slutte å sleppe ut fossile klimagassar, og nytte naturen som livsgrunnlag på ein biologisk berekraftig måte.

Over 80% av utsleppa som Norge har innverknad på, gjeld eksportert olje og gass, sjå grafikk. MDG meiner at dersom Norge skal gjere noko som monnar, så må olje- og gassutvinninga nedtrappast. Etablerte utvinningar kan fullførast, men regjeringa må slutte å tildele nye konsesjonar. Det vil gi gradvis og føreseieleg nedbygging i det grøne skiftet utan at nokon «slår av lyset».

Erstatning for kol på kontinentet er langt billegare gjennom lokal solenergi. Ved ny kraftproduksjon er det viktig å tenke kortreist. Små vindturbinar i industriområde er eit godt supplement. Luftfart og langdistanse sjøfart er to transportsektorar som vanskeleg kan gå over til elektrisk energi. Komprimert nedkjølt biogass og hydrogen kan i framtida vere aktuelle drivstoff for desse sektorane.

Biodrivstoff er ein svært avgrensa ressurs som må produserast utan å konkurrere med matproduksjon. Hydrogen kan produserast mellom anna frå solceller. Dette er eit stort grønt skifte som ikkje starta for 100 år sidan, det startar no.

Av dei 6% som gjeld innanlandske utslepp (sjå grafikk), er trafikk den største kjelda. Biodiesel til bilparken er ein dårleg strategi. Både vasskraft, vindkraft og solenergi kan hjelpe bilparken i omstilling til elektriske motorar. Dei er meir energieffektive enn forbrenningsmotorane. Elbilar er ein viktig del i det grøne skiftet. I tillegg bør vi redusere bilkøyring og motorvegsatsing, og legge til rette for jernbane og kollektiv transport.

Nordmenn har eit svært høgt forbruk av importerte varer. Utslepp frå produksjonen er svært stor, men den vert ikkje medrekna i dei norske utsleppa. Her vrir vi oss unna, sjølv om vi kan påverke eige forbruk og har høve til å redusere det. Til slutt rosar Kvangardsnes satsing på bioøkonomi. MDG støttar dette, og vi har i alternativt statsbudsjett forslag om å opprette Bionova etter modell frå Enova, eit selskap som skal kunne stimulere til grønt skifte og nye eventyr med mange arbeidsplassar. Synd at regjeringa ikkje støttar MDG i dette.

- Over 80% av utsleppa som Norge har innverknad på, gjeld eksportert olje og gass. Den norske utsleppsdebatten handlar stort sett om 6% av utslepp som nordmenn har innflyrtelse på.