Biogass og grøn industri

John John Bruseth, fylkestoppen i MDG er på valturne i Møre og Romsdal. Tirsdag var det fullt program i Ørsta med grøn industrisatsing som viktig tema.

28. august 2015

Bjørn Helset i Ørsta MDG var saman med John John på bediftsbesøk på settefiskanlegget på Vartdal. Der fikk dei innblikk i den store ressursen som ligg i avfallet på dei fire smoltanlegga i Volda og Ørsta.

Biogassen frå fiskeavfallet kan smoltanlegget til dømes nytte til å produsere eigen straum til anlegget. Eller heile Sunnmøre kan gå saman om å bygge eit felles fullskala biogassanlegg som produserer drivstoff til bussar, ferjer og tyngre køyrety. Dette er grøn industripolitikk på sitt beste.

MDG i Ørsta fikk også orientering frå ein gründer som har utvikla konkrete planar for biogassanlegg, både mini-format og fullskala. Førebels finst det konkrete utbyggingsplanar om eit minianlegg på Sunnmøre.

Teknologien for dette er på plass allereie, i alle ledd. Bussane i storbyane i Norge har nytta biogass lenge.

Restavfallet frå eit fullskala biogassanlegg kan nyttast som jordforbetringsmiddel, berre slik kan ein utnytte organisk avfall tilnærma 100%. Per i dag vert fiskeslam deponert eller sendt med bilar til austlandet. MDG støttar utbygging av eit lokalt anlegg for å unngå langtransporten, utnytte ressursen lokalt, og få lokale arbeidsplassar.

Langtidsmålet må vere å få ny teknologi i oppdrettsnæringa slik at dei enorme mengdene med avfall frå fiskemærane kan bli samla opp og levert til biogassanlegget. Dette må vere framtidsmålet. Energien blir heilt rein, betre enn elektrisitet, så lenge energimiksen i straumnettet er internasjonal.

For å få til denne grøne industriutviklinga må tre tilhøve vere på plass:

1. Renovasjonsselskapa på Sunnmøre må samarbeide.

2. Det må setjast krav også til sjøbasert fiskeoppdrett om å samle avfallet.

3. Fylkespolitikarane må ha klinkande klare krav om nullutslepp ved alle nye buss- og ferjekonsesjonar.

Når John John i MDG kjem inn i Fylkestinget vil han jobbe for dette.