Arbeidsgiveravgifta må ned

Fotocredit: På Hareid stoppa Lage Nøst og sykklegutta på Grim og Gryt økobryggeri

Bedrifter under nyetablering treng betre vilkår for å kome i stabil drift. Til og med bedrifter der leiarane jobbar på ideell basis i oppstarten må betale store summar i arbeidsgivaravgift for sine tilsette. Dette var tema då førstekandidat til Stortinget, Lage Nøst, vitja det to år gamle bryggeriet i ein nedlagd bensinstasjon på Hareid.

20. juni 2017

Landets første alkoholfrie økologiske øl vart prøvesmaka då Lage Nøst og sykkelkompisar vitja Grim og Gryt på Hareid mandag. Eit kjærkome stopp etter hurtigbåtturen frå Ålesund.

Vikebladet intervjua stortingskandidaten, som vil jobbe aktivt på Stortinget for å få fart på grønt næringsliv. Dei fleste arbeidsplassane i Norge er ikkje i olja, og vil heller ikkje bli innan olje i framtida. Norge må bli ein vanleg skandinavisk velferdsstat, ikkje ein oljesmurt oppblåst petroleumsnasjon. Grim og Gryt økobryggeri er eit godt døme på ei distriktsbedrift som nyttar restane etter bensinalderen, og etablerer seg i ein nedlagt bensinstasjon.

Sykkelturen gikk deretter vidare til Ulstein, Herøy, Sande til overnatting i Vanylven. Regnet og ei punktering i Sande stoppa ikkje syklistane.

Neste etappe går tirsdag til Volda, og vidare inn Austefjorden heilt til Leira i Hjørundfjorden.

Regnfull start på sykkelturen på Eidså 20. juni.