Ansvaret ved ikkje å lytte

Lyttar klimaskeptikarane til vêrmeldingane? Kva gjer dei når meteorologane varslar vêr dei ikkje likar?

Av May Britt Haukås, 2. kandidat til Stortinget for MDG Møre og Romsdal

8. januar 2017

Dei som vil finne støtte for at verdas klimaforskarar er korrupte og udugelege har ein lett jobb. Både i sosiale og andre media florerer konspirasjonsteoriane og skråsikre innlegg. Til mindre kunnskap skribentane ser ut til å ha, til meir bastante er konklusjonane om at «klimaindustrien» er eit rottereir av forskarar, politikarar og embetsfolk som meler si eiga kake og er ute etter å kvele vanlege folk med skattar og avgifter.

Slike innlegg blir flittig likt og delt i sosiale media. Carl I. Hagen har meldt seg på. Han vil tilbake i manesjen og har valt seg to sikre kort: Kampen mot innvandring og påstanden om at han veit betre enn FNs klimapanel og verdas klimaforskarar: «Menneskeskapte klimaendringar er ein stor bløff.»

– Den tida er over at vi kan bruke tid på klimaskeptikarane, seier Obama. Men det er ikkje så lett. Dagleg blir gamle og nye konspirasjonsteoriar resirkulerte i media. Og kva skal ein stakkar tru når til og med den komande amerikanske presidenten og norske politikarar på høgt nivå seier at åtvaringane frå klimaforskarane er løgn og bedrag?

Sunn skepsis er bra. Det er lurt å stille kritiske spørsmål og ikkje svelgje alt rått, enten det kjem frå eksperthald eller ein ven på Facebook. Heldigvis er sakleg og godt dokumentert informasjon også lett å finne – for dei som vil.

Dei fleste av oss er ikkje forskarar, korkje på klima eller andre felt. Dei færraste kan etterprøve og dobbeltsjekke vitskaplege rapportar. Men vi må sile ut og vurdere informasjonen vi får. Kva er mest sannsynleg: At 98% av verdas mange tusen klimaforskarar har rett, eller at dei alle er del av eit korrupt nettverk?

Klimanektarane er ikkje i tvil. Men kva om dei tek feil og FNs klimapanel har rett? Då har vi svært kort tid på oss til å ta dei utsleppskutta som må til for kanskje å kunne avgrense oppvarminga av kloden til under 2 grader.

MDG stoler på godt dokumenterte forskingsresultat frå uavhengige forskingsmiljø over heile kloden. Det er desse FNs klimapanel byggjer rapportane sine på.  Det er klokt å følgje føre-var prinsippet og kutte klimagassutslepp så fort og så mykje vi kan. Til lengre vi ventar, til tøffare blir det å nå måla vi har forplikta oss til gjennom Paris-avtalen.

Kva om det skulle vise seg at klimaskeptikarane har rett og verdas klimaforskarar tek feil? Då har vi kanskje kutta nok til å ha fått reinare luft, reinare vatn og hav, reinare mat, eit berekraftig forbruk, auka naturmangfald og høgre livskvalitet: Eit moderne og berekraftig velferdssamfunn i økologisk balanse. Kva er gale med det?

Men berre så det er sagt: Datamodellane klimaforskararar brukar er bygde opp på same måten som dei meteorologane brukar. Vêrvarsla treff ikkje alltid 100%, men vi lyttar til dei likevel, ikkje sant? Det følgjer ansvar med å spreie løgner som hindrar nødvendig omstilling.

- Kva er mest sannsynleg: At 98% av verdas mange tusen klimaforskarar har rett, eller at dei alle er del av eit korrupt nettverk?