230 på listetoppsamling på Fornebu

MDG MØRE OG ROMSDAL SKOLERES

I helga reiste toppkandidatane i Møre og Romsdal MDG til partiet sin konferanse på Fornebu for å førebu seg til årets kommuneval. Norges mest hurtigveksande parti tek godt var på kandidatane sine, og dei går no gjennom intensiv skolering for å vere best muleg budde til hausten, når dei skal inn i kommuner og fylkesstyre over heile landet.

31. mai 2015

Listetopper MDG M&R

Bildetekst: Frå venstre: Erik Moen, listetopp MDG Surnadal. John John Bruseth, listetopp MDG M&R. Eline Hansen Næset, regionsekretær Midt-Norge. Ola Sønderland, listetopp MDG Molde. Linn-Beate Harjo, listetopp MDG Haram. Bjørn Helset, listetopp MDG Ørsta. Øyvind Festø, listetopp MDG Volda. Nokre av deltakarane frå MDG M&R er ikkje med på bildet.

Av John John Bruseth
Fylkesleiar
Miljøpartiet Dei Grøne i Møre og Romsdal

230 listekandidatar og tilsette i Miljøpartiet Dei Grøne var med på samlinga på Fornebu. Partileiinga med Rasmus Hansson og Hilde Opoku var med, og eksterne foredragshaldarar, som leiar i Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth, tidlegere statssekretær Heidi Sørensen og også ein tidlegare miljøvernminister i Finland, Pekka Haavisto.

Partiet har også hatt fleire «workshops» og ulike former for praktisk utøving av politikk. Grøn næringslivspolitikk og maritim politikk har vore debattert desse dagane, saker som er særleg viktige for innovasjons- og maritim-fylket Møre og Romsdal.