Lågare NOx-utslepp frå maritim næring med landstraum og kvotesystem

Fråsegn vedtatt på årsmøte i MDG Møre og Romsdal i februar 2016.

Lågare NOX-utslepp frå maritim næring med landstraum og kvotesystem.

 

Ureining av luft frå skip som ligg til kai har vorte eit stort problem for byane våre. Med landstraum, framfor dieseldrive kraftverk om bord, vert utsleppa av mellom anna NOX kraftig reduserte.

I 2011 vart Noregs første landstraumanlegg på Hjortneskaia i Oslo bygd. Color Magic var første skip ut. Og året etter fekk Color Fantasy landstraum. Desse skipa reduserte NOX-utsleppa med 50 tonn årleg. I tillegg minkar CO2-utsleppa med 3000 tonn, og SOX og partiklar med 0,75 tonn. Det svarar til utslepp frå 1700 personbilar. Prosjektet i Oslo og fleire slike prosjekt i Bergen har vist at løysinga fungerer for å dramatisk redusere utslepp og ureining.

Det er no planlagt landstraumanlegg for Hurtigruta i Bergen, Trondheim og Tromsø.
Dette er bra men ikkje godt nok. Det ligg fiskebåtar, fabrikkskip og supplybåtar i hamnene i alle bykommunane i fylket vårt, og i mange andre fylker, og spyr ut miljøgifter i lange perioder.

Når det gjeld store turistskip, er det store utfordringar både kostnads- og miljømessig knytt til eit krav om landstraum. Det  vert difor ikkje krav om landstraum for denne næringa enno. I verdsarvområda må eit kvotebasert system på plass snarast, der ein tek imot daglege maksimale kvoter, som i Glacier Bay i Alaska.

Det er viktig at ein ser på heile det maritime utsleppet under eitt og ikkje berre let det vere frivillig om ein tek investeringa eller ikkje. Infrastrukturen for landstraum må sjåast på som ein del av løysinga for å betre folkehelsa og miljøet. For å sikre effektiv utnytting og felles standard av landstraumteknologi, må det fremjast i IMO (International Maritime Organisation).

Miljøpartiet Dei Grøne Møre og Romsdal foreslår at det vert stilt klare krav til landstraum for alle farty og at dette skal løysast av havnemynde og reiarlag i fellesskap under prinsippet om at ureinar skal betale.