7 Bente Iversen Foseide

7. kandidat, stortingslista MDG Møre og Romsdal., programrådgjevar i Flyktningtenesten

Bente er fødd i 1982, og vaks opp blant fjell og vakker natur i Fræna. Ho tilbrakte barndomsåra der. Bente arbeider som programrådgjevar i Flyktningtenesta i Molde Kommune.

Bente studert filosofi og samanliknande politikk, og har master i fred-og konfliktstudie frå Universitetet i Oslo.

Gjennom Fredskorpset Ung og Strømmestiftelsen budde ho i ein jungelby i Amazonas i Peru, og arbeidde som volontør.  Før Bente flytta til Molde, var ho utsendt for Misjonsalliansen i Kambodsja i om lag fem år, og arbeidde som rådgjevar i eit utviklingsprosjekt.

-Utanlandsopphalda lærte meg mykje om korleis det er for fattige menneske og bu så nært på naturen og bli direkte påverka av klimaendringane år etter år.  Eg opplevde at husa til venner og kollegaer vart øydelagt av flaum, at borna vart oftare sjuke i regntida, for dei fekk mindre tilgang til reint vatn. Og når regntida endra seg og regnet uteblei, vart bøndene ramma av tørke og risavlingane øydelagde for heile året.

-Det er heilt tydeleg at klimaendringane rammar dei fattigaste hardast, og då er det svært provoserande at vi ikkje gjer nok for å redusere klimagassutsleppa her i nord. Norge ligg langt etter og vi må ikkje berre snakke om det trendy grønne skiftet, men fylle det med innhald og omstillingsvilje. I Møre og Romsdal er det mykje som kan gjerast grønare innan transport og samferdsel. Vi har ein flott natur som turistane kjem hit for å oppleve, ofte til fots og på sykkel.  Vi kan bli sykkelfylke nummer ein!

-Som småbarnsmor kan eg melde at ungar elsker å sykle og det er fullt mulig å klare seg i kvardagen utan fossildrive bil. Eg seier ja til el ferjer og nei til asfaltMøreaksen 🙂

Lesarbrev om klimaendringar i Bistandsaktuelt.

Epost: bente.foseide@gmail.com

Bentes viktigste saker

  • Bistandspolitikk
  • Klimaendringane
  • Grøn samferdsel

- vi må ikkje berre snakke om det trendy grønne skiftet, men fylle det med innhald og omstillingsvilje.