6 Matilde Vadseth Furholm

6. kandidat, stortingslista MDG Møre og Romsdal., student og deltidsarbeidar ved Ålesundsregionens Interkommunale Miljøstasjon

Matilde er fødd i 1998, og den yngste av kandidatane våre. Student, Nestleiar i Grøn Ungdom Ålesund og Giske. Frå Lerstad i Ålesund. Matilde går tredje året på Fagerlia VGS i Ålesund og arbeider deltid for ÅRIM IKS ved Bingsa Miljøstasjon.

Matilde meiner at det er viktig å sjå framover. Difor er skulepolitikk og satsing på forsking sentrale saker for henne. Ho er også oppteken av rettar for personar med psykiske eller fysiske utviklingshemmingar, og då især å gjere avlastningstilbodet meir brukarvennleg og å starte fleire tilrettelagte arbeidsplassar.

Ho meiner det er grunnprinsippa til MDG som skal stå i fokus. Solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar og solidaritet med dyr og natur. Å ta imot fleire kvoteflyktningar er ein personleg hjartesak, og ho er tydeleg på at omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar må flyttast frå UDI til Barnevernet.

«Å ta ansvar for å beskytte dei svakaste i verdssamfunnet burde vere førsteprioriteten når vi har innvandringsdebatt i Noreg. Å tenke på eigen vinning i ein slik situasjon er smaklaust, spesielt med tanke på at vi har meir enn nok av gode å dele på.»

Epostadresse: matildepost@gmail.com

Matilde sine viktigaste saker

  • Skulepolitikk
  • Flyktningpolitikk
  • Rettigheiter for utsette grupper

- Omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar må flyttast frå UDI til Barnevernet