10 Øyvind Festø

10. kandidat MDG Møre og Romsdal, Lærar

Øyvind er fødd 10.12.1982. Han vaks opp på Mork utanfor Volda, og tok buss til ungdomsskule og vidaregåande skule i Volda sentrum. Deretter  var han i Lofoten på folkehøgskule, i Bergen som klatreinstruktør og i Sogndal og Tromsø som lærarstudent.

No bur Øyvind i Volda med kone og barn, og arbeider på ein grendeskule i Åmdalen i Ørsta kommune. Våren 2017 har han foreldrepermisjon og ulønt permisjon frå jobben sin for å vere saman med familien, bygge garasje og drive med politikk. Øyvind sit i kommunestyret i Volda for MDG.

Øyvind er oppteken av skulepolitikk, grøn næringsutvikling, samferdsle og matpolitikk.

-I daglegvarehandelen har forbrukaren ei unik moglegheit til å påverke, men utan føringar frå politisk hald er det vanskelig å få gjennom dei endringane som må til for å få norsk daglegvarehandel berekraftig.

-Møre og Romsdal sit på mykje av verda sin spisskompetanse innan skipsbygging og næringar knytt til maritim ingeniørkunst. Det ville vere merkelig om ikkje dette fortrinnet skulle gagne fylket i omstillinga frå oljeavhengigheit til berekraftig havbruk. Med kloke satsingar vil Møre og Romsdal i framtida kunne leve av både havvind, oppdrett i lukka anlegg og miljøvennleg godstransport på kjøl.

– Gode og sikre vegar er viktige for folk som bur i distrikta og er avhengige av privatbil. Difor er det synd at vegane slitast ned av tungtransporten som i stor grad kunne nytta alternativ dersom det låg til rette for det. Jernbane lenger inn i fylket og Stad skipstunnel vil minke vedlikehaldstrykket på vegnettet vårt!

E-post oyvhund@gmail.com

Tlf 906 65 856

MDG har nestleiar i forvaltningsstyret i Volda

Øyvind sine viktigaste saker

  • Skulepolitikk
  • Grøn næringsutvikling
  • Samferdsle
  • Matpolitikk

- Jernbane lenger inn i fylket og Stad skipstunnel vil minke vedlikehaldstrykket på vegnettet vårt!